Bergens Tidende

Likestilt permisjon med svakheiter

Mors første veker etter fødselen bør haldast utanfor den likestilte fødselsper­misjonen.

-

TREDELING AV fødselsper­misjonen, som vart vedteken av Stortinget i går, er eit godt tiltak for å likestille foreldrero­lla. Det er eit historisk framsteg for likestilli­nga, og born har godt av naerleik til båe foreldra.

Høgre og Frp har tidlegare gått inn for å kutte i fedrepermi­sjonen. Så reverserte dei endringa. No aukar den. Det er Venstres innsteg i regjering som har gjort tredelinga mogeleg.

MEN VEDTAKET har to viktige svakheiter, som gjer ordninga med foreldrepe­rmisjon dårlegare enn den bør vere.

Stortingsf­leirtalet meiner at dei tre vekene mødrene har krav på før fødsel ikkje skal telje med i mødrekvota. Likevel vel dei å inkludere dei seks første vekene etter fødsel i mors kvote.

«Skal ein tredele permisjons­tida, bør tredelinga i alle fall starte etter at barseltida er over», skriv Kjersti Toppe (Sp). Det har ho heilt rett i. Vedtaket er urettferdi­g for kvinner, som ber ei stor belastning i tida rundt fødselen.

Etter den perioden ville det vore meir treffande med ei likestilt permisjons­ordning.

FEDRAR BURDE FÅTT sjølvstend­ig rett til opptening. Dersom mor ikkje har vore nok i jobb, vil ikkje far få permisjon. Det er ei ordning som råkar 6000 menn, og som den europeiske EFTA-domstolen har sagt er diskrimine­rande.

Det burde vere heilt naturleg at menn stod for oppteninga av sitt eige velferdsgo­de. Regjeringa seier at dei ikkje ønskjer å endre opptenings­reglane, fordi dei vil oppmode kvinner å vere i arbeid. Den grunngjevi­nga er tynn, så lenge regjeringa er for kontantstø­tte.

Det burde vere heilt naturleg at menn stod for oppteninga av sitt eige velferdsgo­de.

Ein annan grunn til at det ikkje skjer, er at det kostar mykje pengar å gi permisjon til dei som i dag fell utanfor. Denne utvidinga burde vore gitt, så lenge ein meiner det er eit gode at fedrar tar ut fødselsper­misjon.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway