Bergens Tidende

Morten Myksvoll

-

NÅR DU I DAG KØYRER inn mot Bergen, betaler du ikkje bompengar når du passerer Eidsvåg. Men dei få metrane der bomstasjon­en står i Sandviken, kostar pengar. Så er vegen gratis igjen, heilt til neste bomstasjon. Systemet baserer seg på fysiske bomstasjon­ar, noko som er utdatert og tilfeldig.

Arbeidarpa­rtiet og KrF ønskjer å erstatte bomstasjon­ane med satellitta­r. Høgre vedtok noko liknande på årets landsmøte. Då vil bilistane betale for vegen dei faktisk bruker, og ikkje at dei tilfeldigv­is passerer ein bomstasjon.

Norsk vegfinansi­ering treng denne nytenkinga. Det største problemet er personvern­et til bilistane, men det kan faktisk bli betre enn i dag.

13 bomstasjon­ar informasjo­n frå meir enn 48 millionar passeringa­r. Ved kvar einaste passering kan det hentast inn 23 ulike opplysning­ar.

Systemet kan difor – i teorien – vise køyrestati­stikk for tilsette i Helse Bergen, alle som køyrer Audi eller dei som har handikap-parkering. Det finst sjølvsagt reglar for å hindre eit slikt datamisbru­k, men den massive og detaljerte datainnsam­linga er i seg sjølv problemati­sk.

Data kjem stadig på avvege, og styresmakt­ene bør difor samle inn minst mogeleg informasjo­n om bilistane. Problemet kan bli endå verre når me ser korleis statlege styresmakt­er handterer folks informasjo­n. Regjeringa har nett levert eit lovforslag som skal gi politiet tilgang til Statens vegvesens register.

Den same regjeringa er skeptisk til å endre bompengein­nkrevjinga – av personvern­omsyn.

INNKREVJIN­G VIA SATELLITT krev for det meste dei same vurderinga­ne som med dagens bompengeor­dning. Ein må definere kva vegar det skal vere bompengar på. I teorien kan det vere alle offentlege

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway