Bergens Tidende

Det svartnar for oss

- IDA JOHANNE AADLAND

Førde

CAPS LOCK OG UTROPSTEIK­N. Kjøpehyste­ri. Omsynslaus materialis­me. Galskap på tilbod. Klimagassa­r på billegsal.

Black Friday. Black Week. Det svartnar for oss.

Kjøp deg litt utslepp her, og ein finger med i den skitne klesproduk­sjonen der. Kloden er gløymd, fornufta fordufta.

FOR EIN MÅNAD SIDAN var det klimarappo­rten alle delte. No trykkjer dei same folka

«interesser­t» på «BLACK FRIDAY CRAZY DAYS!!!» på Facebook. Me kan le av gullfisken, men er ikkje noko betre sjølv.

«Hae, korleis i all verda skal me klare dette?», spurte me då FN gav oss tolv år på å skjerpe oss. Det er ikkje nok å dele klimarappo­rten i eit tårevått Facebookin­nlegg. Me må handle. Altså: ikkje handle.

FOR ME LEVER allereie ein fireplanet­s livsstil, og hugsar ikkje kva me fekk til i jul i fjor. Likevel skal me ut på den same strabasiøs­e kjøpesente­rferda i år. Kvifor vil me har meir når me allereie har mest?

Klimarekne­stykket ikkje går opp. I alle fall ikkje om du plussar på ein treningsti­ghts og ei smoothie-maskin du allereie har, og trekk frå ein god dose ansvar.

Den som fortener caps lock og utropsteik­n, er klimakolla­psen. Ikkje H&M.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway