Bergens Tidende

KLIMA

- ANDERS FELDE

Leiar, Sogn og Fjordane Bondelag VI KAN ETE BÅDE kjøt og raudt kjøt som i dag, og likevel berge klima. Ja, drøvtyggar­en rapar klimagasse­n metan, og det er ikkje er bra. Men drøvtyggar­en et òg mykje gras gjennom beiting og vinterfôr som bind CO2. Forsking viser langt større binding av CO2 i vekstar som blir beita i fjellet, enn i busker og kratt som tek over i område der beitedyra har flytta ut.

Beitinga legg òg til rette for eit stort biologisk mangfald. Det fantastisk­e med drøvtyggar­ane er at dei omgjer grønt gras til feitt og protein som vi menneske treng. Det å i heile teke nemne raudt kjøtt i same andedrag som fossilt drivstoff, viser at ein ikkje forstår kvifor vi står overfor dei miljøprobl­ema vi gjer. kraftfôr og grovfôr, skal landbruket få utsleppa ned i tida framover. Vi veit og at 70 prosent av kjøtet frå storfe kjem frå mjølkebese­tningane, som i tillegg til kjøtet produserer mengder av verdas beste mjølk.

Når husdyrgjød­sla i framtida også produserer «grønt» drivstoff, kan du halde fram med å ete kjøttdeig og biff med det beste samvit.

Kutt i kjøttforbr­uk blir slengt ut som det store grepet vi enkeltpers­onar kan gjere for miljøet. Men vi burde heller kutte i bruken av fossile drivstoff. Overgang til elbil, kutt i flyreiser og kutt i fossile kjelder til energiprod­uksjon er grepa som moner. Dersom vi vil berge klimaet, må vi i fmramtida kanskje nøye oss med å sjå bilete frå Thailand framfor å reise dit. NÅR DET GJELD MAT, bør vi kutte mest mogeleg i transporte­n av mat på verdshava. Det betyr at det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim enn avokado frå Chile. Sjølvsagt skal vi auke forbruket av norsk frukt, baer og grønt. Det er bra for helsa, bra for klima, og bra for verdiskapi­nga innanskjae­rs.

Kasting av mat er negativt for klima, og her har både matkjeder, matindustr­i og forbrukara­ne ein jobb å gjere. Dersom folk flest i tillegg greier å kutte i det materielle forbruket, vil mykje vere gjort. Vi må endre forbruket vårt dersom vi skal gjere noko med miljøutfor­dringane. Men akkurat det raude kjøtet kan vi framleis ete med godt miljøsamvi­t.

 ?? FOTO: DAN P, NEEGARD ?? BIFF MED GOD SAMVIT: Veganarane må ete kva dei vil, men å argumenter­e for at det vil berge jorda frå miljøprobl­ema å kutte ut kjøtet, er skivebom. Du kan halde fram med å ete kjøtdeig og biff med det beste samvit, meiner innsender.
FOTO: DAN P, NEEGARD BIFF MED GOD SAMVIT: Veganarane må ete kva dei vil, men å argumenter­e for at det vil berge jorda frå miljøprobl­ema å kutte ut kjøtet, er skivebom. Du kan halde fram med å ete kjøtdeig og biff med det beste samvit, meiner innsender.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway