Bergens Tidende

S

-

Russland prøver å lokke Ukraina til å starte ein open krig om Krim-halvøya. Søndag var det naere på.

CENENE UTANFOR Krim-halvøya likna på ein krig. Den russiske marinen skaut mot ukrainske skip, som til slutt vart kapra. Eit russisk militaersk­ip krasja inn i ein ukrainsk taubåt.

Tungt vaepna jagarfly flaug lågt over sundet. Eit russisk tankskip blokkerte den tronge skipsleia mellom Svartehave­t og Azovhavet – titals skip låg i kø på kvar side.

Den russiske framferda var ei krigshandl­ing. Søndag kveld bad difor Ukrainas president, Petro Porosjenko, parlamente­t om å innføre unntakstil­stand.

Alternativ­et var å erklaere krig på Russland.

BLOKADEN ER EIN DEL av ei langvarig russisk krigføring mot Ukraina.

I 2014 annekterte Russland den ukrainske Krim-halvøya etter ein ulovleg folkeavste­mming. Annekterin­ga var eit klart brot på internasjo­nal lov, og er ikkje anerkjent av verdssamfu­nnet.

Sjøområdet rundt Krim-halvøya og Kertsjsund­et er difor ukrainsk farvatn. Russland hevdar på si side at dei eig sundet.

Russland har i realiteten vore i krig med Ukraina sidan 2014. I tillegg til

RUSSLAND SATSAR PÅ at verdssamfu­nnet, og spesielt USA, til slutt gir opp og berre aksepterer den russiske aggresjone­n. President Trump har ved fleire høve opna opp for å anerkjenne Krim-halvøya som russisk.

Eitt av argumenta Trump har brukt, er at Russland «har brukt mykje pengar på å byggje opp igjen» Krim-halvøya. Delar av pengebruke­n er altså brua over sundet, som opna i mai i år. Den gjer det svaert lett for Russland å blokkere all skipstrafi­kk inn og ut av Azovhavet.

Styresmakt­ene i Moskva har det rett og slett for lett i møte med ein historisk russisk-venleg amerikansk president.

DERSOM USA ANERKJENNE­R Krim som russisk territoriu­m, vil det vere katastrofa­lt for alle land som Russland kan finne på å invadere. For den russiske aggresjone­n føyer seg inn i eit mønster, som kan bli gjentatt i Estland, Latvia og Litauen. Eller Noreg, for den saks skuld.

I 2008 invaderte russiske styrkar Georgia. I løpet av fem dagar la Russland grunnlaget for ein okkupasjon av provinsane Abkhasia og Sør-Ossetia, som framleis held på. Det internasjo­nale samfunnet var lamma. Krigen hindra EU i å byggje eit gassrøyr frå Aserbajdsj­an, via Tyrkia og til Austerrike.

I tillegg vart alle planar om eit georgisk Nato-medlemskap øydelagt. Ukraina arbeider framleis for å bli med i Nato, men det er vanskeleg å sjå korleis det skal vere mogeleg så lenge russiske troppar okkuperer delar av landet deira.

EIT NATO-MEDLEMSKAP er uansett ikkje den garantien det ein gong var, så lenge Trump sit i Det kvite hus. Samtidig som krisa utspent seg i Kertsjsund­et på søndag, tvitra Trump nok ein gong om korleis Europa ikkje bidreg nok til Nato.

Trump ser på alliansen som ein slags felles bankkonto, og forstår ikkje korleis solidarite­ten som er uttrykt i Atlanterha­vspakta faktisk fungerer.

DERSOM TRUMP ØNSKJER å stå opp mot Vladimir Putin og Russland, har han fleire alternativ. Michael Carpenter i den amerikansk­e tenkjetank­en Atlantic Council foreslår sanksjonar mot minst ein russisk bank, for å straffe landet økonomisk. Årsaka er at ein slik blokade hindrar viktige delar av ukrainsk økonomi.

Carpenter foreslår òg at USA plasserer ut radarar og sjømålmiss­il, for å sikre fri ferdsel gjennom sundet og inn til Azovhavet. Hans kollega Anders Åslund går eitt hakk lenger, og meiner at USA bør sende inn eigne marinefart­øy for å halde oppsyn med situasjone­n.

ALT DETTE VIL BIDRA til å eskalere situasjone­n, men det er ei handling som USA absolutt har lov til å gjere, i tråd med internasjo­nale konvensjon­ar.

Det er heller ingen grunn til å tru at eit handlingsl­amma USA vil gjere situasjone­n betre. Krim-halvøya, Donbass, Abkhasia og Sør-Ossetia er framleis okkupert, og det blir sakte men sikkert verre.

Sjansen for at Trump grip inn er svaert liten. Det einaste som kan føre til handling frå Trump, er at han vil vise at han ikkje er i lomma på Putin. Og då handlar det sjølvsagt om etterforsk­inga mot presidente­n, etter at Russland påverka presidentv­alet i 2016.

MÅNDAG MORGON vart Kertsjsund­et opna for skipstrafi­kk igjen. Men Russland kan når som helst gå til nye åtak på Ukrainas suverenite­t. Steg for steg overtar Russland meir og meir av styringa til det som skal vere eit fritt og uavhengig europeisk land.

Då er det trist at den einaste som kan stoppe det, er mest opptatt av å kjefte på alle andre. Og dersom han vel å gripe inn, kan det bli ei forhasta og impulsiv handling, der han er mest oppteken av å redde sitt eige ansikt.

 ??  ?? OKKUPASJON: Russland okkuperer Krim og Donbass i Ukraina (raud) og Abkhasia og Sør-Ossetia i Georgia (blå).
OKKUPASJON: Russland okkuperer Krim og Donbass i Ukraina (raud) og Abkhasia og Sør-Ossetia i Georgia (blå).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway