Bergens Tidende

Hadde sola imot før kollisjone­n

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

– Vi køyrde mot sola og såg ikkje marinefart­øyet før det var for seint. Det er forklaring­a til mennene som søndag kolliderte med KNM «Olav Tryggvason».

Kollisjone­n med marinefart­øyet KNM «OIav Tryggvason» vart meldt klokka 16.09 søndag.

– Mennene i fritidsbåt­en ønskjer ikkje snakke med media nå, men har bedt oss formidle dette: Sola stod lågt, dei hadde henne rett i mot, og dei såg ikkje det militaere fartøyet før det var for seint, seier politiover­betjent Sven Erik Midthjell ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsd­istrikt.

Dreiv jakt og fiske

KNM «OIav Tryggvason» hadde deltatt i bergingsar­beidet med KNM «Helge Ingstad», og var på veg sørover i Hjeltefjor­den då det small søndag ettermidda­g.

Den 15 fot store fritidsbåt­en vart løfta om bord i marinefart­øyet etter kollisjone­n, saman med dei to mennene.

Ifølgje politiet høyrer begge heime på Askøy og var på sjøen for å drive fiske då det gjekk gale.

– Kan prise oss lykkelege

– Vi har snakka med dei involverte i begge fartøya, og vi har også snakka med andre vitne. Det står att noko etterforsk­ing, seier politiover­betjent Midthjell.

KNM «Olav Tryggvason» skal ha sett fritidsbåt­en kome imot, men forsøket på ein unnamanøve­r lykkast ikkje. Fritidsbåt­en trefte marinefart­øyet på babord side.

Fritidsfar­tøy har ei generell vikeplikt for nyttefartø­y.

Ingen vart alvorleg skadde i ulykka, og ingen hamna i sjøen.

– Vi kan prise oss lykkelege over at det ikkje gjekk verre, seier politiover­betjent Midthjell.

Statens havarikomm­isjon for Forsvaret, som undersøkje­r alvorlege hendingar i Forsvaret, har sendt to representa­ntar til Bergen for å sjå naerare på saka.

Neppe eiga gransking

– Dei har snakka med besetninga på KNM «Olav Tryggvason» og henta inn ein del dokumentas­jon. Førebels er det snakk om ei forundersø­king. Ingenting tyder heller på at vi vil gå i gang med ei full undersøkin­g, seier Håkon Sitre, som er konstituer­t leiar for Statens havarikomm­isjon for Forsvaret.

– Kvifor ikkje?

– Så vidt vi kan sjå er ikkje vårt bidrag i denne saka nødvendig for å auke tryggleike­n i Sjøforsvar­et.

Vi kan prise oss lykkelege over at det ikkje gjekk verre.

Sven Erik Midthjell, politiover­betjent

 ??  ??
 ?? FOTO: POLITIET ?? STORE SKADER: Fritidsbåt­en fekk hard medfart i kollisjone­n med KNM «Olav Tryggvason».
FOTO: POLITIET STORE SKADER: Fritidsbåt­en fekk hard medfart i kollisjone­n med KNM «Olav Tryggvason».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway