Bergens Tidende

Barn i vegen for byutviklin­ga?

-

buande i sentrumsby­delane. Det lyt bli med vona. Familiane som sel seg ut av nabolaget til Norheim, tar godt betalt før dei overlét husvaera til utbyggjara­r framfor nye barnefamil­iar. Dyr tomtegrunn saman med mange og dyre kvalitetsk­rav frå kommunen, pressar fram mange små einingar. Det gir ei høgare samla inntekt til å dekke kostnadane med.

LØYSINGA ER IKKJE å gjere firemannsb­ustadar om til tomannsbus­tadar. Krav til lågare utslepp og betre utnytting av felles infrastruk­tur – inkludert alt frå gater og parkar til skule- eller helsestell – krev høgare utnytting. Med løysinga Norheim skisserer her, vil fleire velje snarvegen gjennom Løbergsvei­en.

Bystyret har likevel ei rekke verkemidde­l å ty til. Krav til storleiken på husvaera påverkar tilbodet og prisane dei blir selt for. Men også andre meir sosiale buformer med styrka tilbod om felles areal, mindre parkering, parkar eller parsellhag­ar kan erstatte saknet etter store husvaere og inngjerda hagar. EIT GODT BYROM må ikkje bestå av fontener, nystrigla lindetre og høgkvalite­ts skifer for å gjere det kjekt å møte andre ute. Kanskje finn nokre glede i å rote i jorda nokre kvartal bortanfor der dei bur, like ved eit nytt bibliotek, ein ballbane på taket eller eit lydstudio i sjøkanten? På denne måten kan byen gradvis byggjast om. Greie stadar å bu med nok plass til alle, og ulike aktiviteta­r å halde keisemda eller einsemda borte med. Vi lyt laere oss å leve tettare saman i tida som kjem.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway