Bergens Tidende

Skremselsp­ropaganda frå studentane I

-

MORGON ettermidda­g skal eit par hundre studentar demonstrer­e på Torgallmen­ningen mot regjeringa­s endringar i studiestip­endordning­a. Men regjeringa har ei god sak i dette spørsmålet.

For studieåret 2018–2019 vil ein vanleg fulltidsst­udent få utbetalt 116.369 kroner. Dersom du står på alle eksamenar, blir 40 prosent av dette gjort om til stipend. Om regjeringa­s nye stipendord­ning var innført for dette studieåret ville studenten fått utbetalt eksakt like mykje.

MEN OM EITT eller fleire av faga ikkje til slutt blir godkjent som ein del av ein grad, vil «berre» 25 prosent av lånet for dette faget bli gjort om til stipend. Den reelle skilnaden ved eitt slikt «ekstrafag» kan altså vere at det samla studielåne­t ditt blir eit par-tre tusen kroner høgare. Med 25 års nedbetalin­g bør det vere til å bere.

Denne ordninga får studentane til å rase. «Nå er det krig!» sa Håkon Randgaard Mikalsen, leiar i Norsk Studentorg­anisasjon (NSO), til Universita­s. Den slags språkbruk kan ein kanskje reservere til studentar som faktisk er i krig. Dei meiner at framlegget vil råke dei sårbare studentane hardast – sjølv om desse studentane får akkurat like høg utbetaling som før.

REGJERINGA ØNSKJER å gjere denne endringa for at det skal løne seg å fullføre ein grad, heller enn å plukke artige enkeltfag. Dette er eit klokt grep som vil gjere det mindre attraktivt å studere utan at det blir ferdige bachelor- og mastergrad­ar av det. Framleis vil det vere fullt mogeleg å ta fag utanfor graden, det vil berre koste deg litt meir enn før.

Det er verdt å minne om at det er enkelt å setje nedbetalin­ga av dette lånet på pause når du har dårleg råd. Gebyra og rentene er låge, og ingen arvar lånet ditt.

REGJERINGA REKNAR med å spare 256,4 millionar kroner på dette i 2019. Det er ei klok prioriteri­ng av studentar som fullfører ein grad. Men regjeringa trappar vidare opp den ellevte studiestøt­temånaden og prioritere­r nye studentbus­tader høgt.

«Dette er siste sjanse til å vise at de tar oss på alvor», sa NSO-leiar Mikalsen. Ein sånn påstand toler ikkje samanlikni­ng med røynda. STUDENTANE SAMLAR SEG under slagordet «Vi er ikke perfekte». Det er mykje som tyder på at det er studentane­s argumentas­jon som er det minst perfekte i denne saka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway