Bergens Tidende

A

-

RBEIDSGJEV­ARAR legg om drifta grunna kundane sine forventnin­gar. I dette tilfellet er det IKEA det dreier seg om. Men det gjeld ikkje berre IKEA, det gjeld heile arbeidsliv­et. Dei må bli sterkare på digitalise­ring seier dei, for det er det som er kundane sine forventnin­gar.

Kven er kundane og kva er kundane sine forventnin­gar?

Kundane, det er deg og meg, og det er altså våre forventnin­gar dei vil imøtekome. Vi, kundane og forbrukara­ne, vil ha det enklast mogleg. Vi vil helst ikkje stå i kassakø, for det tek tid. Vi vil sitje heime bak ei datamaskin og shoppe varer til lavast mogleg pris, det er både kostnads- og tidssparan­de, synest vi. Vi tek i bruk appar som gjer det mogleg å bestille varer og tenester berre med nokre tastetrykk. Vi lovprisar alle løysingar som gjer at vi slepp å bruke tida vår på eit unødvendig mellomledd. Og mellomledd­et er tilsette på alle område og nivå i det norske arbeidsliv­et.

Mellomledd­et er deg og meg, for vi er alle kunde og forbrukar samstundes som vi er tilsett i ulike bransjar og sektorar som blir møtt med effektivis­eringskrav og omlegginga­r. Nettopp grunna våre forventnin­gar og behov som kunde og forbrukar. Ei omlegging er oftast synonymt med å kutte i antall tilsette.

Vi kan seie det så enkelt som at vi sagar av den greina vi sjølv sit på. So kan det sjølvsagt ta litt tid før akkurat DU møter deg sjølv i døra, eller at den greina DU sit på dett i bakken. Men på eit tidspunkt skjer det. Våre behov fører til ei effektivis­ering som til slutt effektivis­erer oss rake vegen til Nav. Kva slags arbeidsliv er det vi ser for oss med alle dippedutta­r og appar og digitalise­ring her og digitalise­ring der, og som skal gjere kvardagen vår så mykje enklare? DEN DIGITALE FRAMTIDA, det høyrest fint og fjongt ut. Og alle seier vi at vi er nøydde til å innrette oss etter den digitale framtida. Viss ikkje vi heng med i den teknologis­ke utviklinga, kan vi ikkje overleve, vert det sagt.

Etter kvart som kunde og forbrukar, altså deg og meg, i stadig større omfang tek i bruk nye teknologis­ke løysingar, vil behovet for tilsette, altså deg og meg, også bli mindre. For arbeidsgje­var er digitalise­ring, robotiseri­ng, omlegging og effektivis­ering for å fjerne overflødig­e og «dyre» ressursar(tilsette) løysinga for å møte den teknologis­ke framtida.

Og når dei har erstatta mange tilsette med robotar og/eller digitale tenester kan dei stolt stå fram for å vise at dei tek den teknologis­ke framtida på alvor, og at dei digitale tenestene vil imøtekome krava ei teknologis­k framtid inneber. Det blir stadig framheva at ei omlegging til det digitale arbeidsliv­et vil føre til nye arbeidspla­ssar. Og i mindre grad (ja, nesten ikkje i det heile, skal ein tru dei rett) fjerning av arbeidspla­ssar. Men dei nye arbeidspla­ssane krev ein heilt ny kompetanse innan digitalise­ring.

FOR REGJERINGA er løysinga på utfordring­ar innan dei fleste politiske område: arbeid! Både sjuke, uføre, arbeidslau­se, innvandrar­ar og flyktninga­r, menneske med fysisk og psykisk handikap skal ut i arbeid, då løyser alt seg. Ut i arbeid i eit arbeidsliv som har faerre og faerre stillingar å tilby, grunna dei før nemnde tiltak for å møte våre behov. Forstå det den som kan.

Kanskje du tenkjer at dette aldri vil ramme din arbeidspla­ss og di framtid? Shit happens.

Vi kan seie det så enkelt som at vi sagar av den greina vi sjølv sit på.

MEDAN VI VENTAR på at det skal bli vår tur til å bli effektivis­ert vekk grunna det digitale arbeidsliv­et, den teknologis­ke jubel-framtida, så får vi berre halde fram som før med å leggje forholda til rette slik at ventetida ikkje blir altfor lang.

Og når turen omsider kjem til deg så må du førebu deg på at din framtidige arbeidsgje­var, Nav, også har lagt om drifta for å imøtekome den digitale framtida.

Men kanskje du tenkjer at dette vil aldri ramme din arbeidspla­ss og di framtid? Shit happens.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway