Bergens Tidende

Vi må blankpussa ordet respekt

-

Ordstyrar passar på at det blir nokolunde lik tid på kvar av dei som er på talarlista. Oppfatning­ar som er avvikande frå eigne, er inga grunn til latterlegg­jering og avvising. Elevane laerer seg å skilje mellom sak og person, at deira synspunkt gjer ein skilnad, og at gode argument vinn fram.

KVA SKJER MED elevane våre når dei erfarer heilt andre normer mellom vaksne i det offentlege rom? Når det i sosiale media og nettdebatt­ar er tett mellom kategorisk­e, eindimensj­onale ytringar om politiske motstandar­ar og synspunkta deira. Som når tidlegare justismini­ster Sylvi Listhaug i sitt facebookin­nlegg 14. mars slår fast at «Ap mener terroriste­nes rettighete­r er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Eller når spissformu­lering og tabloidjou­rnalistikk er gjengangar­ar i mediebrans­jen.

Kva skjer med våre born og unge når dei oppdagar at det ikkje er god argumentas­jon og respekt for andre sine synspunkt som gjeld? Når det tvert imot går sport i å snakke ned andre personar og synspunkt, og når forenkling og polariseri­ng rår grunnen? YNSKJER ME FRAMLEIS å leggje demokratis­k tenkje- og handlemåte til grunn for samfunnsby­gginga vår? Vil me ha heiderlege politiske diskusjona­r der lytteevna er like velutvikla som taleevna, og der viljen til å finne dei beste løysingane er overordna behovet for eigenmarke­ring?

Dersom svaret er ja, krev det at ordet respekt vert hegna om og blankpussa på alle samfunnsni­vå. Det krev øving og må praktisera­st kvar einaste dag i familie, nabolag, skule, arbeids- og samfunnsli­v. Gevinsten er ein samfunnsst­ruktur som er hardt tilkjempa, demokratie­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway