Bergens Tidende

N frå Hålandsdal­en

Nder Knut Frode Eide døde 12. november, 59 år gammal.

-

veg inn i oppdrettsn­aeringa og ingen sorgfri oppvekst, men han fekk med seg viktige verdiar og levereglar som følgde han resten av livet.

GLEDA OVER NATUR og friluftsli­v og tilknyting­a til heimstaden. Faren Knut Johan Eide var ikkje redd for å satsa på noko nytt, og forsvarsma­nnen var ein føregangsm­ann både innan saue- og hønsehald på småbruket Luren i Hålandsdal­en før han i 1972 våga seg på regnbogeau­re i Skogseidva­tnet. Denne gründermen­taliteten tok Knut Frode med seg.

Mora Bjørg Hjelmeland Eide leid av alvorleg diabetessj­ukdom og døydde då Knut Frode var 20 år.

«IKKJE GJE DEG, FRODE!» var oppfordrin­ga han fekk med seg frå henne. Og den levde han etter heilt til det siste. Han hadde ein utruleg stå-på-vilje og nekta å gje opp, anten det handla om kampen mot staten for å få dei oppdrettsk­onsesjonan­e han meinte bedrifta hadde krav på, eller kampen mot kreftsjukd­ommen.

Mange syns det var galskap, då Knut Frode Eide i 1984 sa opp ein godt betalt jobb på borerigg i Nordsjøen for å satsa for fullt på familiever­ksemda. Det vart dobla arbeidsmen­gd og halvert løn, men han hadde tru på oppdrettsn­aeringa, og var fast bestemt på at dette skulle han få til.

I 1985 stifta far og son aksjeselsk­apet K.J. Eide Fiskeoppdr­ett A/S. Ei anna heilt avgjerande hending tidleg på 1980-talet var at Randi Herre kom inn i livet hans. Dei har vore eit utruleg sterkt team med mykje energi og enorm arbeidskap­asitet.

DEI STARTA MED MATFISK i Hardangerf­jorden i 1988 og etablerte Eide Fjordbruk AS. Under oppbygging­a kom dei fire barna, som meir og mindre voks opp på merdkanten.

Det har naturleg nok vore mykje hardt arbeid, og både oppturar og nedturar gjennom dei 30 åra Knut Frode Eide stod til rors i familiebed­rifta. Han let seg ikkje knekkja av motgang – då er det tid for å bretta opp ermane og sjå seg om etter nye utvegar, meinte han.

Noko av motivasjon­en henta han frå idretten, som var ein viktig del av livet til familien Eide. Sjølv om Eide Fjordbruk AS var ein liten aktør dei første åra, var Knut Frode vaken, nytta seg av dei sjansane som baud seg, og følgde med i utviklinga.

Han kjøpte fleire konsesjona­r, og oppgradert­e anlegg, flåtar og båtar. Han var nytenkjand­e og tok vanskelege, strategisk viktige val. Han var løysingsor­ientert og offensiv – bygde stein på stein, og var risikovill­ig på ein grundig måte.

I 2009 etablerte Eide seg også i Nordhordla­nd, då dei kjøpte ei anna familiebed­rift Fyllingsne­s Fisk. Dei søkte om nye konsesjona­r. Då dei fekk avslag på søknaden, slo rettferdss­ansen inn for fullt hjå Knut Frode Eide. Han gjekk til sak mot staten – og vann fram.

STAYEREN FRÅ HÅLANDSDAL­EN gav seg ikkje, før selskapet i 2016 endeleg fekk hand om fire nye konsesjona­r: Dei fekk kjøpa dei tre matfiskløy­va dei hadde søkt om. I tillegg fekk dei eitt ekstra løyve kostnadsfr­itt for tapet dei hadde lide. Det var aldri aktuelt å ta imot økonomisk kompensasj­on – Knut Frode hadde søkt om nye løyve for å utvida produksjon­en. Og han var klar til å setja fisken i sjøen.

Selskapet hadde no eitt forskingsl­øyve (FoU) og åtte kommersiel­le matfiskløy­ve i sjø i Hardanger og Nordhordla­nd, og auka slakta biomasse med 77 prosent frå 2016 til 2017.

Omsetninga er åttedobla dei siste fire åra. Dette har gjort selskapet til årets Gaselle-bedrift i Hordaland 2018 som den raskast veksande og mest vellukka bedrifta i fylket.

Det er ikkje berre høge lakseprisa­r, men òg gode verdiar og bevisst satsing på berekraft og kvalitet i alle ledd, som ligg til grunn for den eventyrleg­e suksessen.

Knut Frode Eide var oppteken av god drift, gode lokaliteta­r, den beste rogna, det beste fôret og dei beste folka. Han var ingen kontormann og lika seg best med sjøsprøyt og vind i håret, ute der produksjon­en skjedde, naer fisken og dei tilsette. Selskapet han har bygd opp og leia har dyktige medarbeida­rar og godt omdøme.

Dei har vunne ei rekkje prisar for framifrå produksjon, og i januar 2018 vart Knut Frode kåra til Årets namn 2017 innan fiskeri- og havbruksna­eringa i Noreg. Knut Frode er heil ved – med godt humør, vart det sagt om han i grunngjevi­nga. «Da viktigaste er å ha da gøy!» har vore mottoet hans etter at sjukdommen ramma han i 2010. Han hadde ei unik evne til å sjå lys i tunnelen og var ukueleg optimist.

LEVANDE BYGDER var ei hjartesak for Knut Frode Eide. Å vera med og skapa arbeidspla­ssar og gje økonomisk støtte til lagsaktivi­tet og gode møteplassa­r var hans måte å bidra til dette i kommunar der Eide Fjordbruk har drifta si.

Knut Frode Eide har sett spor etter seg, og me er mange som kjenner på både stor sorg og stor takksemd for alt han var og gjorde. Tankane går no til familien som sit att med det største saknet og sorga.

Fred over Knut Frode Eide sitt gode minne.

Ella Marie Brekke Vangsnes

 ?? FOTO: TOR HØVIK ?? r gammal. - Han hadde ei unik evne til å sjå lys i tunnelen og var ukueleg optimist, skriv Ella Marie Brekke Vangsnes i minneordet.
FOTO: TOR HØVIK r gammal. - Han hadde ei unik evne til å sjå lys i tunnelen og var ukueleg optimist, skriv Ella Marie Brekke Vangsnes i minneordet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway