Bergens Tidende

Ei tredje gransking av fregatt-havariet i gang

Torsdag kjem dei første svara om kva som gjekk gale med KNM «Helge Ingstad». Ein kommandørk­aptein frå Bergen skal leie Sjøforsvar­ets interne gransking.

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Kollisjone­n mellom KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola TS» ligg an til å bli ei av dei dyraste norske skipsulykk­ene i nyare tid. Både politiet og Statens havarikomm­isjon er i full gang med jakta på årsaka til havariet.

Ein første, førebels rapport frå havarikomm­isjonen blir lagt fram på Lillestrøm torsdag.

I tillegg er også ei tredje gruppe granskarar på banen: Forsvarets eiga undersøkin­gsgruppe.

Dei er oppnemnde av Sjøforsvar­ets sjef, kontreadmi­ral Nils Andreas Stensønes, for å undersøkje kva som skjedde natt til 8. november.

Granskar på fulltid

Arbeidet blir leia av kommandørk­aptein Pål Gudbrandse­n (44) frå Bergen. Med seg har han fått sju menn og ei kvinne – alle frå Forsvaret – som skal kartleggje fleire sider av ulykka:

Finne ut av kva som hende og ulykkesårs­aka.

Klarleggje kva lover, forskrifte­r, instruksar eller ordrar som gjald for oppdraget fregatten var ute på.

Uttale seg om korleis tilsvarand­e ulykker i framtida kan unngåast.

– Dette er ei intern undersøkin­g i Forsvaret – til forskjell frå Havarikomm­isjonen, som er heilt uavhengig. Gruppa er godt i gang med arbeidet. Planen er at dei skal vere ferdige innan eit halvt års tid, litt avhengig av kor komplisert dette blir, seier kontreadmi­ral Stensønes.

Undersøkin­gsleiar

Pål Gudbrandse­n arbeider i dag i Forsvarsst­aben i Oslo. Han har blant anna bakgrunn som skipssjef, og har gått Sjøkrigssk­ulen. Gruppa skal ifølgje Stensønes alle arbeide fulltid med undersøkin­gane, med eit par unntak.

Ønsker komplett bilete

Interngran­skinga kjem på toppen av dei to andre store undersøkin­gane som har halde på sidan ulykkesnat­ta:

Vest politidist­rikts etterforsk­ing av dei strafferet­tslege sidene ved havariet. Målet er å finne ut om den sivile eller militaere straffelov­a vart brote då ulykka hende. Det blir deretter opp til Statsadvok­atane i Hordaland å vurdere om nokon eventuelt skal straffast.

Arbeidet til Statens havarikomm­isjon for transport. Dei skal kartleggje alle detaljar i hendingsfo­rløpet, og prøve å finne ut kva som gjorde at ulykka skjedde. Havarikomm­isjonen samarbeide­r med Statens havarikomm­isjon for Forsvaret og den maltesiske havarikomm­isjonen, som er involvert

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway