MUSIKK
Lindås
DET ER EIT UNIKT mylder av musikalske uttrykk i Hordaland, musikk med lokalt opphav og identifikasjon, ikkje sjeldan forankra i språk og kultur. NRK sitt platearkiv er eit skattkammer av lokal musikk.
Det er difor uforståeleg at radiosendingane frå NRK Hordaland er så prega av internasjonal pop, oftast engelskspråkleg (se lista). Det tyder på at NRK ikkje vurderer musikkinnslaga som saerleg viktig kulturverdi, ikkje meir enn øyregodt pausefyll mellom det som eigentleg skal ha fokus for distriktsradioen.