Bergens Tidende

E kåsøren

An Vestlandet meir enn Kjartan Rødland, denne sprudlande krive like mange bøker som Henrik Ibsen.

-

som rista av seg partihamen.

Resultatet vart ei opnare, friskare og meir spennande avis som etter kvart nådde eit opplag på over 100.000. Omveltinga var så vellukka at den tyske forfattare­n Hans Magnus Enzensberg­er jamvel kåra BT til Noregs beste avis på 80-talet.

DET VAR I DEI ÅRA toppolitik­arar meir enn gjerne drog eins aerend til avishuset i Bergen for å treffa Rødland og medarbeida­rane. Men det galdt ikkje berre statsminis­trane Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch. Også Sveriges Olof Palme og Danmarks Poul Schlüter kom for å helsa på Rødland som spanderte god mat og drikke på Bellevue.

Men det stoppa ikkje med det. Kjartan Rødland vart ein djerv mediepione­r ved fleire høve etterpå. Medan han enno var redaktør sette han i gang med radio- og fjernsynss­endingar i BTs regi. Det var små, spede forsøk i von om at NRK-monopolet skulle ta slutt og reklamefin­ansiering bli tillate. Men han forrekna seg litt, utolmodig som han var. Brundtland-regjeringa var treg og motvillig. Først etter at han var gått av fekk nye medieaktør­ar reell sjanse til å tena pengar.

FULL AV ENERGI OG PÅGANGSMOT drog Rødland så til Rogaland og starta ny avis som skulle konkurrera med sjølvaste Stavanger Aftenblad! Lokalavisa «Vestkysten» vart rett nok eit kortvarig eksperimen­t, men ho vekte oppsikt både fordi ho vart produsert utan typografar – og fordi avisa også kom ut på søndagar! Det var på den tida nytt og uhøyrt her til lands.

Den uavhengige og fritalande avisknekte­n overraska nok mange då han i 1989 let seg lokka til å bli valkamplei­ar i Hordaland Høgre. Han sto til og med på stortingsl­ista. Kunne han vera høgremann, han som i yngre år var innom både Unge Venstre og seinare AUF? Sanninga er vel helst at han såg noko godt i dei fleste partia.

Og høgrefolk var naerast i ekstase, iallfall då han opna landsmøtet i Haugesund det året med ein tale som gav molefonkne høgrefolk ein kjaerkomen kveik. Høgre gjorde eit godt val. Men Kjartan Rødland tumla på ingen måte med planar om å gjera fleire tenester for dei konservati­ve. Det fekk bli med dette eine stuntet.

ETTER ALL SUKSESSEN i arbeidsliv­et skulle ein tru at dette mangslungn­e mediemenne­sket ville ta det meir med ro som pensjonist. Men den familiekja­ere Rødland, som har åtte oldebarn springande rundt seg, såg sanneleg ut til å skru opp farten.

Den eine boka etter den andre vart skriven – ofte fleire i året. Oppdraga sto i kø. Det var aldri nei i Kjartan Rødlands munn når nokon bad han om ei beine. Men størst glede har han hatt av å skriva om samferdsel. Som son av ein jernbanema­nn var ikkje det så rart.

Det beste ein kan seia om personen Rødland er at han er eit fullblods ja-menneske, ein humørfylt bygdekar som elskar å fortelja anekdotar. Som kåsør har han fått mang ein vestlendin­g til å vri seg i lått langs benkeraden­e.

OLAV GARVIK

 ?? FOTO: ØRJAN DEIZ ?? ekar som elskar å fortelja anekdotar, skriv Olav Garvik i jubilantom­talen.
FOTO: ØRJAN DEIZ ekar som elskar å fortelja anekdotar, skriv Olav Garvik i jubilantom­talen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway