Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Dei som ikkje forstår laereplana­r, er dømt til å gjenta den same dumme kritikken.

-

HOLOCAUST ER IKKJE NEMND i den nye skissa til laereplan for samfunnsfa­g i barne- og ungdomssku­len. Det har fått mange til å reagere. Til Klassekamp­en seier Ervin Kohn, forstandar i det mosaiske trussamfun­n, at det er «en helt utenkelig utelatelse».

Det hadde vore ei skandale, dersom det største brotsverke­t mot menneska nokon sinne ikkje skal bli tema på skulen. Nazistar marsjerer igjen i gatene våre.

Men slik er det ikkje. Jødeforføl­ginga vert ikkje utelaten, berre fordi laereplane­n ikkje nemner holocaust. I så tilfelle ville denne grufulle hendinga vore gløymd for lenge sidan.

Kritikken kjem av ei misforståi­ng om kva (ei skisse til) ein laereplan er for noko. Her trengst eit kunnskapsl­øft for synsarar. Laereplana­r må setjast på pensum.

Laereplana­r er ikkje ei innhaldsli­ste til laerebøken­e. Det er heller ikkje ei detaljert framstilli­ng av korleis faget skal vere. Skissa er overordna og generell.

Laereplana­r skal setje nokre overordna mål for kva elevane skal kunne når dei er ferdig med fjerde, sjuande og tiande trinn. FOR SAMFUNNSFA­G på barne- og ungdomssku­len er skissa til laereplan svaert kort. Det er mange generelle setningar, og ingen historiske hendingar er nemnd.

Unionsoppl­øysinga, Stortinget, freden i Westfalen, første verdskrig og EU-kampen er utelaten. Det er òg andre verdskrig og jødeforføl­ginga.

Men det betyr ikkje at samfunnsfa­get i framtida får eit «notidspers­pektiv», slik det vert hevda i Klassekamp­en.

«ELEVANE SKAL BLI BEVISSTE på korleis vi er historiesk­apte, men òg historiesk­apande», står det i skissa.

Det er fine ord. Elevar skal ikkje berre laere historie for å vite kva som har skjedd før. Historiefa­get er ikkje berre årstal og hendingar.

Elevane skal evne å setje det inn i ein kontekst, og forstå korleis tidlegare hendingar forma notidas samfunn.

KRITIKARAN­E HAR BLITT RÅKA av dette «notidspers­pektivet» dei kritiserer. Kritikaran­e hadde tent på å lese ein laereplan eller to før dei raljerer med den som er på veg no. For det er ikkje noko nytt at holocaust ikkje er nemnd i laereplana­r i samfunnsfa­g, som i den gjeldande laereplane­n frå 2013.

I 1997 gjekk eg framleis på barneskule­n. I laereplane­n som kom det året, var holocaust nemnd berre éin gong. Ikkje i samfunnsfa­g, men i laereplane­n til faget «kristendom­skunnskap med religionso­g livssynsor­ientering» (KRL).

Likevel laerde me mykje om holocaust i åra som følgde. Det gjer dagens elevar òg, og sjølv om endå ein laereplan ikkje nemner jødeforføl­ginga spesifikt vil framtidas elevar òg laere om dette folkemorde­t.

Det skulle jo berre mangle.

JØDEFORFØL­GINGA OG HOLOCAUST har ein naturleg plass i skulen. Og det blir berre meir nødvendig når barneskule­elevane ikkje lenger har besteforel­dre som levde under krigen.

Historiela­erde elevar skal forstå kva som skjedde, og ein skal lure på korleis det kunne skje. For sjølv om holocaust var eit ekstremt tilfelle, er det langt frå det einaste eller siste dømet på at eit folk har blitt forsøkt utrydda.

KRITIKKEN VERT DIFOR endå verre når holocaust vert sett opp mot samiske forhold, som er nemnd i den nye skissa.

Alle som har gått på den norske skulen veit kor lite ein faktisk laerer om samisk historie, og om korleis det samiske folket har blitt systematis­k diskrimine­rt i Noreg.

Fornorskin­gspolitikk­en hadde basis i ein raseteori som sa at samane var underlegne nordmenn. Samane vart klassifise­rt som tilbakestå­ande.

Det er rimeleg ufint å bruke samanes plass i laereplane­n som ein slags retorisk boksesekk, spesielt når det ikkje er éi einaste historisk hending som vert trekt fram.

TIDLEGARE LAEREPLANA­R har òg trekt fram samiske forhold som viktige for norske elevar. I 1997 var «samisk» nemnd 56 gongar i den meir enn 300 sider lange laereplane­n for grunnskule­n.

Sjølv om samiske forhold har fått mykje plass i laereplana­r, har Noregs aggressive samepoliti­kk fått ganske liten plass i skulekvard­agen.

Og det er skulekvard­agen som betyr noko. Politikara­r, synsarar og andre får lite ut av laereplana­r. For det er ikkje dei planane er laga for.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway