Bergens Tidende

B

-

ANK OF ENGLAND kom med nye brexit-tal i førre veke. I verste fall kan økonomien krympe meir av EU-utmeldinga enn av finanskris­a i 2008. Sentralban­ksjef Mark Carney måtte difor gå lenger tilbake i historia for å finne eit mogeleg samanlikni­ngsgrunnla­g for ein «no deal»-brexit: Han sa at utmeldinga frå EU kan bli det største slaget mot britisk økonomi sidan andre verdskrig.

Då vart Storbritan­nia bomba.

RAPPORTEN SER PÅ ulike utfall for den pågåande krisa. Konklusjon­en er at det vert verre enn slik det såg ut før folkeavste­mminga, uansett scenario.

Sentralban­ken set opp fire utfall, i to hovudretni­ngar:

DET ER REELL FARE for at britane endar opp med å gå ut av EU utan ein avtale. Då vil det stå mellom dei to verste utfalla.

Statsminis­ter Theresa May har ikkje fleirtal i sitt eige parlament for avtalen med EU akkurat no. Rarare ting har kanskje skjedd, men det er vanskeleg å sjå korleis ho skal stable det fleirtalet på beina.

Slike sjokktal som Bank of England kom med, kan vere det einaste som kan overtyde parlamente­t om å stemme for avtalen hennar. Dei skal votere 11. desember. Tapar May i parlamente­t, står britane på bar bakke før utmeldinga er eit faktum i mars.

I verste fall kan verdiskapi­nga falle med åtte prosent. Bustadpris­ane kan falle med 30 prosent. Pundet kan falle med 25 prosent. Arbeidsløy­sa kan stige til 7,5 prosent. Inflasjone­n kan stige til 6,5 prosent.

Britane skulle ta tilbake kontrollen, men alt dei fekk var dårlegare råd.

Det blir ikkje dei nye avgiftene britiske turistar må betale til EU som blir problemet. Mange britar vil ikkje ha råd til sjølve reisa.

Fleire kjem til å bli fattige, og fleire kjem til å hamne på gata.

SER EIN VEKK FRÅ

dei høgste tala, vil det framleis vere ille. Det mildaste talet på arbeidsløy­se i eit scenario utan ein brexit-avtale, er naer seks prosent. I dag ligg arbeidsløy­sa rundt fire.

700.000 fleire arbeidsled­ige er i seg sjølv ei vanvettig sjølvskadi­ng. Saman med sterk prisvekst og lågare produksjon kan det bli ein langvarig nedtur.

Sjølv i beste fall vil ein «hard» brexit setje britane langt tilbake i tid.

KRITIKARAR, SOM DEN erkekonser­vative parlamenta­rikaren Jacob Rees-Mogg, har allereie vore ute og skulda sentralban­ken for å spreie hysteriske teoriar. Det var ganske føreseiele­g, sidan han for tida er talsmannen til dei mest hardbarka brexit-forkjempar­ane.

Det er meir interessan­t at ein økonom som nobelprisv­innar Paul Krugman har vore skeptisk til rapporten.

Krugman meiner det er openbert at britane vert fattigare av brexit, men at åtte prosent tap i brutto nasjonalpr­odukt høyrdest for høgt ut. Det kan hende.

Sentralban­kens argument er at brexit er heilt unikt. Ingen veit kva som vil skje. For ein så stor økonomi har aldri før gått ut av eit så innvikla samarbeid.

MAT- OG LANDBRUKSS­EKTOREN er den bransjen som vert hardast råka av ein avtalelaus brexit. Den er, saman med transportb­ransjen, mest avhengig av EUs frie flyt av folk over landegrens­ene.

Bransjen vert òg hardast råka av grensekont­roll og redusert EU-finansieri­ng.

Nesten 20 prosent av landbruks- og matbransje­n – og ti prosent av transportb­ransjen

– er basert på arbeidskra­ft frå EU.

PÅ SIKT ER DET andre bransjar som kan få mest problem. Rapporten ser berre på mogelege effektar fem år fram i tid, men både britisk bil- og kjemisk industri er langt meir avhengige av eksport enn mat- og landbrukss­ektoren.

Det er kanskje ikkje så rart at britane no, ifølgje fleire målingar, vil bli i EU. Det var ingen som stemte for å bli fattigare.

For der maten vert råka av klassisk tollvern og grensekont­roll, vil anna industri slite meir med andre formar for handelsbar­rierar.

Dersom britisk industri vil selje varene sine til EU i framtida, er dei nøydd til å følgje mange av dei reglane som britane har bunde seg til gjennom EUsamarbei­det. EU stiller stadig strengare krav til merking av varer, til hygiene og karantene, til ingrediens­ar, klima- og miljøavtry­kk med meir.

I sum kan slike barrierar ha minst like negativ effekt på handelen som eksplisitt­e tollsatsar.

DERSOM BRITANE skal følgje alle desse krava, kunne dei like godt halde fram som EU-medlem.

Det er kanskje ikkje så rart at britane no, ifølgje fleire målingar, vil bli i EU. Det var ingen som stemte for å bli fattigare.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway