Bergens Tidende

Hald på norsk språk på sjøen

-

ein dårleg idé. Den norske historia er ei historie på og ved hava, dette har gjort Noreg til ein stolt sjøfartsna­sjon.

Å gje opp det norske språket vil vera å venda ryggen til denne historia. Det norske språket knyt samfunnet og sjøfarta i hop, og ved å halda på det, gjev me eigarskap til sektoren til framtidige generasjon­ar. Det er likevel ikkje berre difor me skal halda på norsken.

DEI FLESTE SOM KJEM frå Noreg, har norsk som morsmål. Mange er også generelt gode i engelsk. Likevel går det litt fortare og litt enklare å fatta morsmålet enn eit framandspr­åk ein snakkar flytande, for ikkje å snakka om å formulera seg på det. I ein naudsituas­jon, når du er stressa som verst og kommunikas­jon er som viktigast, vil det kunne vera eit hav av forskjell mellom å berre vera god i eit språk og å ha skikkeleg morsmålsko­mpetanse. Då vil det kunne vera farleg å måtte snakka engelsk.

 ??  ?? SPRÅKDEBAT­T: Etter «Helge Ingstad»-forliset vurderer Kystverket om engelsk skal vere det einaste offisielle språket til sjøs.
SPRÅKDEBAT­T: Etter «Helge Ingstad»-forliset vurderer Kystverket om engelsk skal vere det einaste offisielle språket til sjøs.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway