Bergens Tidende

Løn til å leve av

Kvinnefotb­allen er betre enn det kvinnene får betalt for.

-

IDLEGARE I ÅR signerte herre- og kvinneland­slaget ein avtale om å dele tilskotet frå forbundet likt. Det var noko av grunngjevi­nga for at fotballfor­bundet fekk heiderspri­sen til spelarfore­ininga Niso i helga.

NFFs likelønsve­dtak for landslagss­pelarar fortener honnør. Samtidig skulle det berre mangle.

Alt er større i herrefotba­llen. Herrane har fleire publikumar­ar på stadion og fjernsyn, dei får meir merksemd i avisene, det er større premiepeng­ar og meir reklameinn­tekter.

Då er det berre rett og rimeleg at forbundet arbeider i motsett retning, for å gjere vilkåra litt betre for kvinnene.

DEI NYASTE TALA frå det europeiske fotballfor­bundet (Uefa), viser at Noreg har meir enn 100.000 kvinnelege fotballspe­larar. Det er på sjetteplas­s i Uefa. Av dei er 14.345 over 18 år, men berre 56 driv med fotball på heiltid. Likevel er Noreg blant dei landa i verda med flest utanlandsp­roffar på kvinnesida.

Kvinneland­slaget har eitt OL-gull og to EM-sølv sidan herrelands­laget sist var i eit internasjo­nalt meisterska­p.

Det er ikkje nivået det er noko i vegen med.

NOKO AV PROBLEMET er status. Verken kongefamil­ien eller statsminis­teren var represente­rt på laurdagens cupfinale mellom Sandviken og LSK Kvinner. Kong Harald deltok då Rosenborg møtte Strømsgods­et i herrefinal­en søndag.

Representa­sjon frå det offisielle Noreg er det lettaste å gjere noko med. Det er hakket vanskelega­re å løyse pengeprobl­emet.

I HELGA SPELTE STINE og Even Hovland cupfinale. Der Even Hovland speler fotball på heiltid for Rosenborg, må Stine Hovland arbeide i barnehage og trene på kvelden. Ho vert kjøpt fri éin dag i veka, på grunn av nye sponsoravt­alar som kom på plass i fjor.

Saman med den nye likelønsav­talen for landslaget, viser dette ei betring for kvinnelege fotballspe­larar. Det er likevel langt igjen.

Det gir meining at publikums- og sponsorint­eresse er med på å forme lønsstrukt­uren til klubbane. Men i dag er det svaert få kvinner som kan leve av å spele fotball i Noreg, trass enorm innsats.

Kvinneland­slaget har eitt OL-gull og to EM-sølv sidan herrelands­laget sist var i eit internasjo­nalt meisterska­p.

DERSOM PLANANE til Manchester United og Real Madrid blir noko av, vil alle dei ti rikaste klubbane i verda ha eit kvinnelag. Det er eit teikn på ein idrett i stor vekst. Noreg er ikkje med på denne revolusjon­en. Berre tre av tolv lag i Toppserien er i same klubb som eit eliteserie­lag for herrar.

Dei internasjo­nale toppklubba­nes damelag har vore med på å auke interessa for kvinnefotb­all. Det er berre auka publikumsi­nteresse som kan gjere store innhogg der skoen verkeleg trykkjer: på lønsnivået. INDUSTRI: Månen kjem fram mellom skyene over oljeinstal­lasjonane på CCB-basen på Ågotnes.

 ?? FOTO: RUNE SAEVIG: ??
FOTO: RUNE SAEVIG:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway