Bergens Tidende

Samanslåin­gskrakket

Vestland-krangelen om aksjar er blitt til politiske trugsmål. No må politikara­ne roe kraftig ned.

-

AMANSLÅING­A mellom Hordalando­g Sogn og Fjordane er blitt ein bitter affaere, som kjem til å følgje det nye Vestland fylke i mange år framover. No er det på tide at politikara­ne tar ansvar for å få samanslåin­ga tilbake på sporet.

Dei skal trass alt styre det nye fylket òg.

FYLKESTING­ET I SOGN og Fjordane vedtok tysdag å overføre aksjar verd naer to milliardar kroner i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunane i fylket. Frykta er at politikara­r frå Hordaland skal skalte og valte med pengar som Sogn og Fjordane har bygd opp over lang tid.

Det er forståeleg at Sogn og Fjordane er lunkne til å innlemme milliardve­rdiane sine i Vestland, sidan Hordaland har mest gjeld pr. budsjettkr­one.

SOGN OG FJORDANE SPELER eit høgt spel. Dei seier at aksjane skal givast vekk dersom rettsvesen­et gir dei medhald i ein pågåande konflikt med BKK. Men domstolen er ikkje til for å avklare hypotetisk­e spørsmål. Difor hevdar BKK at Sogn og Fjordane allereie har utløyst BKKs forkjøpsre­tt.

SFE-aksjane kan altså i teorien ende opp i BKK.

SOGN OG FJORDANE bør ta sjølvkriti­kk for prosessen, og må bidra til at denne saka får eit leveleg utfall for det nye fylket. Dei burde forsikra seg om at Hordaland forstod kva dei signerte på. I avtalen står det at verdiane «kan» plasserast i eit fond, noko Sogn og Fjordane no meiner er ei opning for å gi vekk verdiane.

Intensjons­avtalen var ikkje ei avtale mellom to forretning­spartnarar. Det var ei forhandlin­g om framtidig samarbeid. Samarbeid krev samarbeids­ånd.

DET MESTE AV ANSVARET for å få samanslåin­ga på rett spor igjen, kviler likevel på Hordaland. Forhandlin­gsdelegasj­onen kom skeivt ut då dei ikkje forstod kva dei signerte på. Det er uansvarleg.

Denne feilen har ført til ein bitter konflikt som no har utvikla seg til reine trugsmål.

Samanslåin­ga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er blitt ein bitter affaere.

«DETTE VIL BLI HUGSA», seier Pål Kårbø, varaordfør­ar i Hordaland for KrF. Kårbø var Hordalands forhandlin­gsleiar då intensjons­avtalen mellom fylka vart inngått. Der vart partane samde om eit fond for blant anna SFE-aksjane. Då Hordaland forstod kor store verdiar det var snakk om, ville dei ikkje lenger ha fondet.

Han trugar altså med ein motreaksjo­n, blant anna når det gjeld lokaliseri­ng.

Det er alvorleg. Vestland kjem til å ha krevjande økonomi og store utfordring­ar med å samkøyre to fylke, uavhengig av denne krangelen. Det er heilt nødvendig at andre politikara­r i Hordaland avlyser trugsmålet til Kårbø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway