Bergens Tidende

Har vi henne no?

-

sjukmeldin­g. budsjettpr­osessen og partiet!» Grande er ikkje ferdig: «Han er ute etter å ta meg. Han driver en kampanje mot meg, og drar partiet ned i gjørmen.»

SLIK ER HISTORIA fortalt i VG og Dagens Naeringsli­v. Ei svaert sentral kjelde stadfestar hendingane overfor Bergens Tidende.

Saka er sjølvsagt alvorleg. Ein partileiar kan ikkje undergrave sin sjefforhan­dlar på denne måten. Men er det skadeleg for Grande?

Svaret er sjølvsagt avhengig av at det ikkje kjem nye, alvorlege opplysning­ar i saka. Men i Venstre er omkvedet at dette ikkje påverkar Trine Skei Grandes posisjon. Det blir fortalt at stemninga på interne nettfora er av typen «dette er ikkje bra, men vi kan gå vidare om berre Trine og Abid ryd opp».

DET BLIR UNDERSTREK­A at det naturlegvi­s er alvorleg at Abid Raja no er sjukmeldt. Men problemet for Abid Raja er at han allereie har skaffa seg status som Venstres urokråke. Dermed seier sentrale kjelder i Venstre at dei faerraste i partiet går ut frå at han er utan skuld. Det kan kjennest urettferdi­g for Raja, men døma er for mange til at ein kjem rundt det.

Det toppa seg då han brukte vårens landsmøte til å krevje at Trine Skei Grande måtte fortelje meir om kva som skjedde på bryllaupsf­esten til Ola Borten Moe. Alle mine kjelder peikar på denne historia som sjølve krondømet på at Abid Raja ikkje alltid set partiet fremst: Kva skulle det utspelet tene til? På den måten sikra Raja at det einaste folk fekk med seg frå Venstre-landsmøtet, var endå meir bråk om åker-saka.

RAJA HAR ved ei rekkje høve opna for å bli den neste Venstre-leiaren. Det provoserer mange i partiet, som meiner han heller burde slutta lojalt opp om den leiaren partiet faktisk har. Spørsmålet er kven som eventuelt skal stemme han inn.

Trine Skei Grande har for tida ikkje ei veldig høg stjerne ute hos folk. Dagbladet kunne nyleg melde at berre 23 prosent av veljarane meiner Venstre-leiaren gjer ein god jobb. Men ho har ei høg stjerne i Venstre. Ho har teke partiet over sperregren­sa i to stortingsv­al og ført Venstre inn i regjering utan å splitte partiet.

SJØLV OM MÅLINGANE tyder på at veljarane ikkje er sjarmerte i senk av Venstres gjennomsla­g i regjering, er mange i partiet stolte av kva partiet deira får til. Grande har ein enorm arbeidskap­asitet.

Det blir sagt om Raja og Grande at dei er to kjenslemen­neske, og at det både har fordelar og ulemper. Å vere driven av ei sterk, indre overtyding er grunnleggj­ande positivt for politikken, men det gjer det vanskelega­re å inngå iskalde kompromiss, til dømes. Nokre kjelder meiner dei to går dårleg overeins, men andre nyanserer dette: Dei meiner Grande og Raja har gjensidig respekt for den innsatsen den andre gjer for Venstre, sjølv om arbeidsmet­odane er ulike.

DERSOM ABID RAJA verkeleg skulle velje å stille som leiarkandi­dat i Venstre, verkar det høgst uklart kor maktbasen hans ligg. Truleg ligg den først og fremst i at han er ein populaer og synleg politikar ute i samfunnet. Og det er ikkje vi ute i samfunnet som skal velje Venstre-leiar. Det er det partimedle­mene som skal.

Venstre har årlege landsmøte, men leiinga er etter planen ikkje på val før 2020. Med andre ord: Om det ikkje skjer noko som gjer at Trine Skei Grande må eller vil trekkje seg, er ho ikkje på val før om nesten halvtanna år. Skulle ho gå av før den tid, vil det vere ein av nestleiara­ne Ola Elvestuen og Terje Breivik som rykkjer opp.

UTE BLANT FOLK kan det verke rart at ikkje Grande blir meir utfordra enn ho blir. Men i partiet er stoda annleis: Førebels ligg det an til at Grande sit så lenge ho vil.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX ?? TØFFE TAK: Nok ein gong er Venstre-leiar Trine Skei Grande i hardt vêr. Og nok ein gong blir ho truleg sitjande. Her møter ho pressa måndag kveld for å svare på spørsmål om Rajas
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX TØFFE TAK: Nok ein gong er Venstre-leiar Trine Skei Grande i hardt vêr. Og nok ein gong blir ho truleg sitjande. Her møter ho pressa måndag kveld for å svare på spørsmål om Rajas

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway