Bergens Tidende

Skjebnetim­e for Nonneseter

-

reformasjo­ns- og tidleg moderne tid, som dei einaste bevarte delane av hovudbygni­nga for Lungegårde­n.

Tårnfoten er truleg den eldste bevarte bygninga i Bergen, og både denne og det saermerkte kapellet («døvekirken») fortener meir fokus enn dei har fått til no, slik dei ligg som to åtskilte element etter klosterkyr­kja. Bergen har eit nasjonalt ansvar for å forvalte denne arven på ein forsvarleg måte, og det bør vere premisset i saka som skal behandlast i bystyret.

Som fagleg leiar i Mellomalde­rklynga reagerer eg på den framstilli­nga av møtet 16. august som er gitt i i BT 3. desember. Til møtet var ei rekke fagpersona­r inviterte for å uttale seg i forhold til planane for Nonneseter. Alle uttalte seg individuel­t, som ekspertar på Nonneseter, klosterhis­toria og dei arkeologis­ke utgravinga­ne i området. For å få betre formidling av ruinens historie var riving av fabrikken eit fagleg råd frå både universite­tstilsette og NIKU, i tråd med tidlegare faglege råd og gjeldande regulering­splan. Mellomalde­rklynga skal vere eit samarbeids­organ for dei fremste fagmiljøa innanfor mellomalde­rfeltet, og det er ikkje merkverdig at fagfolk kjem frå institusjo­nar som samarbeide­r gjennom Mellomalde­rklynga. Klyngesama­rbeidet gjev gode vilkår for faglege råd og innspel, og handlar ikkje om «skjulte møte» slik ein kan få inntrykk av i BT.

Diskusjone­n om Nonneseter er for viktig til å handle om ein byråds møtekalend­er. Spørsmålet er korleis Nonneseter på best mogleg vis kan bli ein del av det offentlege byrommet og bli ein ressurs for alle.

 ?? FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? NONNESETER:Noregs største og rikaste kvinneklos­ter før 1350.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN NONNESETER:Noregs største og rikaste kvinneklos­ter før 1350.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway