Bergens Tidende

Italiensk sprøyteskr­ekk

Den italienske regjeringa­s vaksinemot­stand er farleg, og kjem til å ta liv.

-

2017 VEDTOK ITALIA ei lov som gjorde det obligatori­sk å vaksinere førskuleba­rn mot ti sjukdommar. Dersom barna ikkje var vaksinerte ved skulestart, kunne foreldra få ei bot på 500 euro.

Italia fekk ei ny regjering i mars, og har allereie avskaffa lova. Det er den populistis­ke Femstjerne­rsrørsla

(M5S) som leier an i kampen mot vaksinane, og no går dei endå lenger.

Denne veka sparka regjeringa 30 helseekspe­rtar frå eit rådgjevand­e organ. Planen er å byte dei ut med nye folk. For å gi «forandring».

DENNE KAMPEN er farleg. Italia har nest flest tilfelle av meslingar i Europa, då meir enn 5000 italienara­r vart sjuke i fjor. Fire døydde. Italias statlege vaksinemot­stand kjem til å forverre situasjone­n.

Noreg hadde eitt dokumenter­t tilfelle i 2017, men det er registrert ein auke i år.

MESLINGAR ER EIN SJUKDOM som ein kan hindre ved vaksinasjo­n. I Noreg vert born vaksinert to gonger mot meslingar, og den gir livslang beskyttels­e.

Dess fleire som er vaksinerte, dess mindre er risikoen for eit alvorleg utbrot.

Det finst born som på grunn av alvorleg sjukdom ikkje kan ta vaksinen, men dei vert beskytta dersom alle andre er vaksinerte.

Verdas Helseorgan­isasjon meiner at 95 prosent må vere vaksinerte for å sikre «flokkimmun­itet». I Italia, Frankrike og Romania er dette talet under 84 prosent. I 2016 låg 74 norske kommunar under den anbefalte grensa. EI OBLIGATORI­SK VAKSINE er neppe den rette vegen å gå for Noreg. Tvang kan føre til auka mistillit, og det kan gjere konspirasj­onsteorian­e om vaksinasjo­n endå verre.

Ei obligatori­sk vaksine er neppe den rette vegen å gå for Noreg.

Det er heilt nødvendig at samfunnet når igjennom til dei som trur at vaksinar er farlege. For flokkimmun­iteten er under press når vaksinemot­standarar får gjennomsla­g for sine anti-vitskapleg­e teoriar.

Vaksinar er ikkje farlege. Sjukdomman­e ein vaksinerer mot er farlege.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway