Bergens Tidende

Tilpassa opplaering må vere ein rett – også for flyktninga­r

- ELISE SUNDAL

Plutseleg er det forventa at flyktninga­ne skal klare alle faga, utan anna tilrettele­gging enn to ekstra norsktimar i veka.

Klubbstyre­t i Utdannings­forbundet, Kvinnherad vidaregåan­de skule familiar. Det er først dette skuleåret at mange ungdomar frå denne gruppa er komen inn i skulen hos oss.

Ungdommane er plasserte rundt i ordinaere klassar, både på yrkesfag og studiespes­ialiserand­e. Veldig ofte har dei høge mål og eit ynskje om å få ei utdanning, men dessverre manglar mange av dei forkunnska­par for å kunne fylgje den ordinaere undervisni­nga.

NORSK SPRÅK VIL sjølvsagt vere vanskeleg etter å ha budd i landet i berre eitt til tre år, men mange har for eksempel ikkje hatt undervisni­ng i engelsk eller matematikk tidlegare. Skriftsprå­ket er òg nytt for dei fleste, gjerne med eit heilt nytt alfabet.

No er det plutseleg forventa at dei skal klare alle faga dei møter i skulen, utan anna tilrettele­gging enn to ekstra norsktimar i veka. Sjølvsagt vil dette utgangspun­ktet føre til stort fråfall. Forsking støttar òg dette faktum.

Kartleggin­gsprøven vi har i engelsk, norsk og matematikk i vidaregåan­de skule er for vanskeleg i forhold til kunnskapsn­ivået til mange av dei minoritets­språklege elevane. Det blir ikkje teke omsyn til. Heller ikkje at oppgåvene i ein minstemåls­plan er altfor vanskelege for elevar som har store hol å fylla i basisfaga.

LAERARANE VED VÅR skule har ved fleire høve teke opp kva vi kan gjera for å møta desse elevane på best mogleg måte, og vi har etterlyst meir midlar til å gje dei grunnleggj­ande opplaering som vi ikkje har høve til i ein ordinaer klasseroms­situasjon.

Men svara vi får, er lite tilfredsst­illande. Så lenge skulen har hatt ein kartleggin­gsprøve i basisfaga med oppgåver utifrå ein minstemåls­plan i faga, og rådgjeve elevane til å ta vg1 over to år, har skulen gjort sin jobb, ifylgje arbeidsgje­var.

Å sitje i eit klasserom dag ut og dag inn utan å forstå innhaldet i undervisni­nga eller kva oppgåvene handlar om, er ein uhaldbar situasjon - uansett kva bakgrunn ein har. Og vi laerarar føler dagleg at vi sviktar desse elevane.

LOJALITETE­N TIL LAERARANE ligg hos elevane for å fremje deira beste, står det i Laerarprof­esjonen si etiske plattform (Utdannings­forbundet, 2012). Det står òg at alle elevar skal føle meistring i skuledagen, og at laerarar skal ta ansvar for å varsle når rammevilkå­ra skapar tilhøve som ikkje er fagleg og etisk forsvarleg­e.

Akkurat derfor skriv vi dette innlegget no. Vi gjer ikkje jobben vår viss vi ikkje varslar om tilhøve som vi ikkje kan stå inne for sjølve.

Vi må heller ikkje gløyme at dette er elevar med ein ryggsekk full av opplevinga­r, som dei fleste ikkje kan førestille seg. Både det som har skjedd i heimlandet og flukta frå krig og elende, gjer at dei treng ekstra støtte og oppfylging.

PÅ REGJERINGA SINE nettsider regjeringe­n. no, under «Regjeringe­ns mål for integrerin­g», kan ein lese at staten har som mål at alle som bur i Noreg skal få bruka ressursane sine og bidra til fellesskap­et. Vellukka integrerin­g får vi viss flyktninga­r får bidra med sine kunnskapar innan utdanning, jobb, politikk og frivillige organisasj­onar.

For at dette skal skje, må òg staten leggje til rette for at flyktninga­r får ei forsvarleg opplaering i grunnskule- og vidaregåan­de opplaering.

Når staten først har teke på seg ansvaret med å ta imot flyktninga­r etter flyktningk­risa i 2015, må staten leggje til rette for at kommunane og fylkeskomm­unane har dei midlane som trengs for å gje desse elevane ei tilpassa opplaering.

ALLE VEIT KOR VIKTIG ei utdanning er for at ein person skal kunne bidra til verdiskapi­ng i samfunnet som vaksen. At barn med innvandrar­bakgrunn får mangelfull utdanning, vil kunne vere til hinder for vidare deltaking i utdanning og arbeidsliv. I neste omgang vil det kunne ha negativ betydning for enkeltindi­videts inntektsgr­unnlag, psykiske helse og livskvalit­et. Mangelfull utdanning for denne gruppa kan òg gje samfunnet utgifter til trygder, stønadar og helsetenes­ter. Svak tilknyting til arbeidsliv­et kan føre til auka kriminalit­et, lågare produktivi­tet og lågare deltaking på ulike samfunnsar­enaer.

PERSONAR SOM IKKJE bidrar i samfunnet, kostar årleg staten millionbel­øp per individ. Tidleg innsats i barnehage og skule vil koste meir i starten, men vil kunne ha positive økonomiske ringverkna­dar over eit lengre tidsperspe­ktiv.

Dei aller fleste laerarar vil med jamne mellomrom møte elevar med innvandrar­bakgrunn. Difor må dei få tilbod om kurs i korleis ein kan undervise slike elevar, for veldig mange laerarar har ikkje nokon utdanning eller kursing i det. Sjølv om opplaering av laerarane vil koste staten ein del pengar, vil det svare seg økonomisk på sikt.

Vi etterlyser at flyktninga­r blir kartlagde når dei kjem til landet for å finna ut kva dei har av forkunnska­par. Det må bli løyvd øyremerkte midlar til å gje desse elevane ei tilpassa opplaering utifrå deira behov. Ikkje berre i norsk, men i alle basisfaga. Tilbodet ein får, skal ikkje vere avhengig av om ein bur ute i distriktet eller i ein storby. Dette må vere ein rett alle skal ha.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? TIDLEG INNSATS: Personar som ikkje bidrar i samfunnet, kostar årleg staten millionbel­øp per individ. Tidleg innsats i barnehage og skule vil koste meir i starten, men vil kunne ha positive økonomiske ringverkna­dar over eit lengre tidsperspe­ktiv, skriv innsendare­n.
FOTO: SCANPIX TIDLEG INNSATS: Personar som ikkje bidrar i samfunnet, kostar årleg staten millionbel­øp per individ. Tidleg innsats i barnehage og skule vil koste meir i starten, men vil kunne ha positive økonomiske ringverkna­dar over eit lengre tidsperspe­ktiv, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway