Bergens Tidende

Vegansk jul

-

steikja grønsakene –EG HADDE TENKT Å i smør.

– Nei, nei, det må du ikkje finna på!

– Og servera baer med honning til dessert.

–Haram! Honning er strengt forbode. Alt frå dyreriket er haram for truande veganar, seier eg.

–Då veit eg ikkje kva eg kan servera som passar alle, seier vertinna.

JULEGJESTA­R BLIR stadig vanskelega­re å hanskast med. Dei som går på diett kan rett nok plukka og dikkedera. Slankediet­tanarar er det berre synd på. Men vegetarian­arar? Ikkje pinnekjøt, ikkje ribbe, ikkje pølse ikkje kålrabista­pp med ribbefeitt. Ikkje ein gong lutefisk og nytrekt juletorsk. Berre dessert? Veganar? Ikkje riskrem, ikkje blautkake. Ingenting tillate, ingenting halal, inga jul med englar daler ned i skjul?

ALLE VERTAR OG VERTINNER bør vita skilnaden mellom vegansk haram og halal. Eller spørja meg. For snart femti år sidan var eg vegetarian­ar. Eg åt berre slikt som strekte seg mot sola. Rotfrukter var haram, hadde eg laert. Det som voks under molda hadde nedbrytand­e innverknad på kropp og sinn. Poteter var eit unntak. Utan poteter ville det vera sveltihel både for kropp og sinn på Nordnes i gamle dagar. Skumma kulturmjøl­k og kremfløyte og frittgåand­e bondeegg var også ok. Eg var ingen fundamenta­list.

UTFORDRING­A VAR at eg ikkje kunne eta maten til mor mi. Ho forstod ikkje vitsen med linser og bønner og kål og spinat til middag. Det var ikkje så mange andre heller som forstod vitsen. Tvilen gnog i meg òg. Etter eit par år konvertert­e eg til pinnekjøt av lukkelege lam frå fjella i Masfjorden. Etter to år og to månader åt eg medisterpø­lse av fabrikksvi­n. Syndarar lokka, og eg åt.

PÅ MINE GAMLE DAGAR er vegetarian­ismen blitt ein kvardagsle­g ting. Vegetarian­ske mødrer serverer nøttesteik og heimebaka urkornbrød på julaftan, no problem. No er det veganarane som har mødreutfor­dringar. Fedrar reknar eg ikkje med. Mødrer strekkjer seg mot sola, fedrar er livsens rotfrukter. Men det seier eg dykk, veganarane formeirar seg som skvallerkå­l. Dei trur der eg tvilar. Neste jul blir det kortreist kålsuppe for alle snille barn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway