Bergens Tidende

Fråfallsre­form

Ei ny utdannings­reform må gjere noko med fråfallet i skulen.

-

IN NY RAPPORT slår fast at vidaregåan­de opplaering har for lite praksis og liknar for mykje på ungdomssku­len.

Utvalet går gjennom heile den vidaregåan­de utdanninga, og ser etter kva som bør endrast. Rammeverke­t i dag kjem frå Reform 94, og utvalets konklusjon­ar kan ende i ei ny reform.

Hovudutfor­dringa til skulen vil vere å gjere noko med fråfallet.

FEM ÅR ETTER snitteleve­ns skulestart, har fråfallet lagt stabilt på rundt 30 prosent i den vidaregåan­de opplaering­a. Ni år etter studiestar­t er fråfallet nede i drygt 22 prosent.

Fråfallet er spesielt høgt i den yrkesfagle­ge studieretn­inga. Hovudårsak­a er at mellom 7000 og 9000 elevar manglar laereplass kvart år.

Utan laereplass, får ikkje elevane fullført utdanninga si.

DET VIKTIGASTE GREPET for å auke talet på laerlingpl­assar, er allereie blitt gjort. Frå og med i fjor styrkte staten sin laerlingkl­ausul.

Tidlegare klausular var svake, og stilte berre krav om at bedrifter måtte vere godkjente laerebedri­fter. Hovudgrunn­en for klausulane var nemleg å overvinne svart arbeid, ikkje auke talet på laereplass­ar.

STYRKEN TIL DEN NORSKE vidaregåan­de skulen er at omtrent alle startar på den etter fullført grunnskule. Men det er òg utfordring­a: Elevmassen er svaert samansett, og dei ulike studieretn­ingane er for lite fleksible.

Lied-utvalet skildrar dagens system som firkanta, der eitkvart utdannings­løp er plassert i den same modellen, og der elevar ikkje har stor påverknad på sin eigen kvardag.

Den vanlegaste modellen for yrkesfag er to år på skule og to år i laere. Utvalet stiller heilt nødvendige spørsmål ved om det er ei ordning som passar for alle fagområde, frå helse- og oppvekstfa­g til elektro eller bygg- og anleggstek­nikk.

Svara kjem diverre ikkje før til neste haust, når utvalet legg fram innstillin­ga si. VALFRIDOME­N TIL ELEVANE er liten på det studieføre­buande programmet òg. Utvalet skriv at elevar ser på spesielt det første trinnet på vidaregåan­de som ei forlenging av ungdomssku­len.

I framtida blir jobbmogele­gheitene svaert avgrensa for dei som berre har tatt studieføre­buande fag utan å ha studert.

Formålet med den allmennfag­lege utdanninga, er å gjere elevane klar for høgare utdanning. Då må utdanninga vere brei nok til at elevane kan bli studentar i alle mogelege universite­tsfag. Dersom meir spesialise­ring fører til at ein altfor tidleg vel studieløp, kan det få fråfallsko­nsekvensar seinare.

I framtida blir jobbmogele­gheitene svaert avgrensa for dei som berre har tatt studieføre­buande fag utan å ha studert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway