Bergens Tidende

«Eg finn ikkje noko klissete eller fastlåst»

- ANNE LIV HAUKANES

«Juleroser» må vera eit fantastisk hefte, om Linda Eide sin tekst skal vera den dårlegaste.

Journalist juletradis­jonar med seg i bagasjen.

Vossingen Linda har svensk kone. Når dei to kvinnene reiser til Berlin for å feira jul for seg sjølv i staden for å vera eit «påheng» til familien, vert forholdet sett på prøve.

Linda må til dømes ha juletre, kona meiner det kan klara seg med ei grein. « – Grein!? skreik eg, grein eg. Det er ikkje tull ein gong. Eg grein!»

DET ENDAR MED AT dei får til å samla seg om noko som gjev meining for begge. Julaftan avsluttar dei med midnattsko­nsert i Gedächtnis­kyrkja. Det er ei moderne kyrkje som er bygd opp kring restane av den utbomba kyrkja etter andre verdskrige­n – til ettertanke.

Til ettertanke er også stykket til Linda Eide om jolatanten­e. Det nynorske språket – ispedd nokre få setningar på svensk – er levande og friskt. Eide blandar høgt og lågt og sårheit og humor på vestlandsk bygdavis – som ein Jakob Sande eller Ragnar Hovland.

EG FINN IKKJE NOKO klissete etter fastlåst med denne teksten. Dette er ikkje nasjonalro­mantikk, men heller eit skråblikk på og ein dialog med det nasjonalro­mantiske.

«Juleroser» må vera eit fantastisk hefte, om dette skal vera det dårlegaste stykket. Eg trur eg må spandera eitt på meg sjølv òg, i tillegg til det eg skal gje i gåve.

 ?? ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? KAN SKRIVA: Linda Eide blandar høgt og lågt og sårheit og humor på vestlandsk bygdavis – som ein Jakob Sande eller Ragnar Hovland, meiner Anne Liv Haukanes. Ho er ikkje samd med BTs melding av årets «Juleroser».
ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN KAN SKRIVA: Linda Eide blandar høgt og lågt og sårheit og humor på vestlandsk bygdavis – som ein Jakob Sande eller Ragnar Hovland, meiner Anne Liv Haukanes. Ho er ikkje samd med BTs melding av årets «Juleroser».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway