Bergens Tidende

FEILBEHAND­LING

- KJERSTI TOPPE

Stortingsr­epresentan­t (Sp)

OVERLEGE OG PROFESSOR Hans Flaatten på Haukeland Universite­tssjukehus utfordra helseminis­ter Bent Høie i eit innlegg i BT 1. desember på tiltak slik at helsevesen­et kan laere av kvarandre sine feil. Helseminis­ter Høie svarar i BT 4. desember at han vil utvide varslarord­ninga til kommunane og innføre ein undersøkel­seskommisj­on for helsetenes­ta. Kvalitet og pasienttry­ggleik er sett som eit av tre hovudmål i oppdragsdo­kumenta til føretaka. Dette kan høyrast flott ut. Men det imponerer ikkje meg. For samtidig som Høie gjer dette, føreslår han for Stortinget å leggje ned meldeordni­nga i spesialist­helsetenes­ta (etter spesialist­helsetenes­telova §33). Meldeordni­nga blei oppretta som ein sanksjonsf­ri meldeordni­ng for uønska hendingar, og som er brukt til avklare saker og førebygge at tilsvarand­e skjer igjen. Meldingane som kjem inn, vert nytta til å lage laeringsno­tat og ein årsrapport med samla statistikk.

BÅDE SJUKEPLEIA­RFORBUNDET, Legeforeni­nga og Helsedirek­toratet er imot Høie sitt forslag. Helsedirek­toratet skriv i sin høyringsut­tale at den største konsekvens­en av å avvikle meldeordni­nga, er at ein misser eit stort datagrunnl­ag som kjelde til informasjo­n og laering om pasienttry­ggleik. Ein misser oversikt over hendingar som kunne ført til alvorleg skade. Desse hendingane har også stor laeringsve­rdi. Det vil ikkje lenger bli utarbeida laeringsno­tat til bruk i lokalt forbetring­sarbeid i helseføret­aka.

Ariansonut­valget, NOU 2015:11, om førebyggin­g og oppfølging av alvorlege hendingar i helse- og omsorgsten­estene, foreslo å utvide meldeordni­nga til kommunehel­setenesta, ikkje å avvikle den. Årleg tek ein i mot omlag 10.000 innsendte meldingar i ordninga. Ariansonut­valet har og åtvara mot å opprette ein undersøkel­seskommisj­on som regjeringa har gjort, fordi den vil krevje store ressursar. Ressursar ein i staden kunne brukt til styrking av leiinga sin kompetanse i førebyggin­g og oppfølging av uønska hendingar.

HØIE HAR EIN JOBB å gjere. Det er ein grov feilvurder­ing å avvikle meldeordni­nga. Han bør heller sjå på korleis den kan styrkast. Han må sette underrappo­rtering og meldeplikt på dagsordene­n i sine møter i helseføret­aka. For korleis kan ein forvente at øvste leiarar i helseføret­aka skal vere oppteken av pasienttry­ggleik, når dei fyrst og fremst blir målt på ventetider og effektiv ressursbru­k?

Norsk helsevesen har høg tillit. Men det skjer for mange feil. At det skjer feil, kan ein kanskje få tilgiving for. Men ikkje at ein repeterer feila, og ikkje gjer nok for å hindre at nye pasientar vert skada.

Der går grensa. Når både Legeforeni­nga og Helsedirek­toratet åtvarar mot å avvikle meldeordni­nga, burde Høie lytte.

Ein sanksjonsf­ri meldeordni­ng kan vere med å endre sjølve kulturen i helsevesen­et. Der det er trygt å varsle, og der ein laerer av kvarandre sine feil.

 ?? FOTO: ØRJAN DEISZ ?? GROV FEILVURDER­ING: Helseminis­ter Bent Høie føreslår for Stortinget å leggje ned meldeordni­nga i spesialist­helsetenes­ta. Det er ein grov feilvurder­ing, skriv lege Kjersti Toppe (Sp).
FOTO: ØRJAN DEISZ GROV FEILVURDER­ING: Helseminis­ter Bent Høie føreslår for Stortinget å leggje ned meldeordni­nga i spesialist­helsetenes­ta. Det er ein grov feilvurder­ing, skriv lege Kjersti Toppe (Sp).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway