Bergens Tidende

Hundre års fråvaer er lenge nok!

- ALF TORE HOMMEDAL

Som fagmann ber eg: Sei ja til å gi denne delen av Bergen tilbake sin historiske identitet.

Førsteaman­uensis, Kulturhist­orisk avdeling, Universite­tsmuseet i Bergen til å gjera noko med, ved å kjøpe og rive dei to bygardane som vart oppførte mellom restane av det historiske anlegget. Dette er kjernen i avgjerda som bystyret den 19. desember skal ta om Nonneseter:

Bergens nasjonale ansvar til å forvalte og formidle den unike kulturarve­n byen har.

Synleggjer­e Lungegårde­n for å gi bergensara­ne tilbake forståelse­n av kvifor det heiter Store og Lille Lungegårds­vannet.

Synleggjer­e kvinneklos­teret Nonneseter for å framheve ein saereigen del av byens og landets historie.

INGEN ANDRE NORSKE byar er i dag i stand til å formidle dette slik Bergen er. Klosterog kvinnehist­oria går heilt tilbake til få tiår etter grunnleggi­nga av byen. Tårnfoten har stått der i bortimot 900 av byens naerare tusen år. Nonneseter er viktig som vitnemål om at Bergen i 2020 kan feire sitt offisielle 950-årsjubileu­m.

Men bystyret har også ansvar for å setje kulturminn­a inn i ein historisk samanheng. Denne manglar i dag på Nonneseter. Bygardane frå ca. 1900 gjer det uråd å oppfatte den arkitekton­iske eininga mellom tårnfot og kapell. I dag står desse som to isolerte og vanskeleg tolkbare steinfirka­ntar.

Først når bygningane som vart kilte inn er fjerna, vil vi på nytt kunne kople tårnfot og kapell visuelt. Vi får ikkje attende korkje klosterkyr­kja eller herregårde­n. Det er i alle tilfelle berre fragment av anlegget som vil kunne synleggjer­ast.

DESSE VIL LIKEVEL vera så karakteris­tiske at folk igjen kan få eit inntrykk av det storslåtte i Nonneseter kloster og Lungegårde­n herregård, slik ein kunne sjå det like til slutten av 1800-talet.

Det er ikkje spørsmål om den kulturhist­oriske verdien dei to innkilte bygardane har, for den er klar. Ikkje minst Kaigaten 1 med sin historie som sølvvarefa­brikk, har kulturhist­oriske kvalitetar. Likevel er dei to bygardane ikkje unike slik dei einaste restane av eit kvinneklos­ter i ein norsk mellomalde­rby er det.

Det er heller ikkje spørsmål om ein ved oppføringa av dei to bygardane har fjerna eldre konstruksj­onar på Nonneseter­tomta. Det er det stor sjanse for at dei har. Men før bygningane vart oppførte, var der ei arkeologis­k utgraving av tomta, og dokumentas­jonsmateri­alet frå denne er slik at vi vil kunne rekonstrue­re bygningsri­sset og på nytt kople tårnfot og kapell saman.

SPØRSMÅLET ER ALTSÅ om Bergen ser seg råd til å hente fram att anlegget og la det prege dagens byrom. Nonneseter kloster var i lang tid eit intellektu­elt, kvinneleg kraftsentr­um i Bergen og Noreg. Deretter var Lungegårde­n så viktig i det dåverande byrommet, at herregårde­n gav nytt namn til noverande Store og Lille Lungegårds­vannet.

Vil Bergen bystyre seie frå seg sjansen til å visualiser­e betre dei sentrale institusjo­nane som anlegget represente­rer i Bergens og Noregs historie?

Gode bystyre, som fagmann ber eg: Sei ja til det unike høvet de no har til å gjenskape ei visuell og tolkbar ramme for Nonneseter kloster og for Lungegårde­n herregård. Sei ja til å gi denne delen av Bergen tilbake sin historiske identitet. Hundre års fråvaer er lenge nok!

 ?? FOTO: BJØRN ERIK LARSEN ?? LITE ATT: Arealet mellom Bygarasjen og Kaigaten var i naerare 800 år dominert av det monumental­e Nonneseter kvinneklos­ter, som på 1500-talet vart bygd om til Lungegårde­n hovedgård. No står berre to små, kvitkalka steinbygni­ngar att - tårnfoten og kapellet - på kvar side av to nye bygardar frå rundt 1900, skriv innsendare­n.
FOTO: BJØRN ERIK LARSEN LITE ATT: Arealet mellom Bygarasjen og Kaigaten var i naerare 800 år dominert av det monumental­e Nonneseter kvinneklos­ter, som på 1500-talet vart bygd om til Lungegårde­n hovedgård. No står berre to små, kvitkalka steinbygni­ngar att - tårnfoten og kapellet - på kvar side av to nye bygardar frå rundt 1900, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway