Bergens Tidende

Ei gåve til storbyen

Regjeringa­s gåveforste­rking må bli innretta sånn at ho ikkje berre stør kulturlive­t i sentrale strok.

-

ILVITE-SENTERET, Ungdomens kulturmøns­tring og Litteratur­huset: Det blir meir kultur og endå betre opplevinga­r av at private er med på spleiselag­et.

I 2014 innførte regjeringa ei eiga ordning som skulle gjere det meir lukrativt for private å bidra med pengar til kulturlive­t. Gåveforste­rkingsordn­inga fungerer slik at privatpers­onar, organisasj­onar, selskap eller stiftingar gjev ein viss sum, og så legg staten på 25 prosent ekstra. Når Sparebanke­n Vest gjev 170.000 kroner til AKKS Bergen, kjem det offentlege med 42.500 kroner på toppen.

Dette nyt Vestlandet godt av – men ordninga fungerer sentralise­rande.

delte regjeringa ut 19.999.506 kroner til ulike kulturinst­itusjonar i Hordaland. Her finn ein både tilskot til Baroniet i Rosendal, Vossajazz og Sunnhordla­nd museum, men det meste av pengestrau­men går til Bergen.

Av om lag 20 millionar går 17,5 til tiltak i Bergen. Det er sju av åtte hordalands­kroner. Mange av institusjo­nane i Bergen får pengar frå stiftingar med lang tradisjon for å gje. Det er svaert positivt for byen, landsdelen og Noreg, men det viser tydeleg dilemmaet: Skulle ikkje gåveforste­rkingsordn­inga lokke fram friske midlar?

ENDÅ TYDELEGARE blir det om ein samanlikna­r Hordaland med Sogn og Fjordane. I år får fjordfylke­t totalt 523.550 kroner frå ordninga, fordelt på to festivalar og eitt museum. Den same trenden ser ein i fylke som Hedmark eller i Nord-Noreg. Finnmark får null. Fylket er rett og slett ikkje fullt av mesenar.

Pengane sit ikkje like tett over heile landet.

Dei tre raudgrøne partia vil skrote ordninga fordi fordelinga er så skeiv. Det er feil veg å gå. Som stortingsr­epresentan­t Silje Hjemdal (Frp) seier til BT, er dette ei klok ordning fordi den premierer institusjo­nane og ikkje gjevarane.

MEN STATEN har eit ansvar for å ordne det marknaden ikkje kan gjere åleine. Om ordninga gjer at ein del tunge institusjo­nar i storbyane dreg frå resten, blir det endå viktigare at det offentlege tek vare på institusjo­nane som ikkje har like god tilgang på privat kapital.

Private bør ikkje få overstyre den offentlege kulturpoli­tikken.

DET KAN IKKJE vere eit problem at private vil bidra til beste for fellesskap­en. Men private bør ikkje få overstyre den offentlege kulturpoli­tikken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway