Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Det er ikkje lett å skape kriseforst­åing i eit folk som er blitt vande med at alt ordnar seg til slutt.

-

VA GALE KAN eigentleg skje i Noreg? Igjen og igjen har verda rundt oss vore utsett for kriser utan at så mange har merka noko til det her i landet.

Finanskris­a, som framleis pregar mange av landa i den rike verda, vart berre eit blaff. Oljeprisfa­llet i 2015 førte rett nok til at 50.000 mista jobbane i

SÅ KVIFOR SKAL vi tru at det går gale no, berre fordi USA og Kina kranglar om handelspol­itikken og børsane fell?

Vel, førebels gjer vi ikkje det. Forventnin­gsbaromete­ret til Finans-Noreg viser at nordmenn framleis er optimistis­ke, nesten på høgde med gullåra før oljeprisfa­llet i 2015.

Men optimismen gjeld først og fremst eigen økonomi. For landets økonomi har forventnin­gane falt til naer null.

NHO kan difor ha ei viss von om å nå fram, om målet med årets første nasjonale toppmøte er å banke litt hard realisme inn i det norske folket. NHOs årskonfera­nse, som finn stad i dag, er prega av naeringsli­vets frykt for handelsres­triksjonar.

NOREG ER SVAERT avhengig av handel med omverda. Som NHO sjølv passar på å minne om: Utanriksha­ndel, import og eksport, utgjer 70 prosent av den samla verdiskapi­nga, BNP.

Normalt har norsk naeringsli­v lite å frykte frå eigne landsmenn når det gjeld frihandel. Biletet av Noreg som «ein liten, open økonomi», for bruke ein kjend boktittel frå NHH-professor Victor Norman frå 1970-åra, er banka så hardt, ofte og tverrpolit­isk fast i det norske ordskiftet at det er blitt ein del av den nasjonale sjølvforst­åinga.

Det einaste unntaket frå denne idyllen er striden om norsk EF/EU-medlemskap, i 1972 og 1994. For naeringsli­vets del vart den løyst gjennom EØS-avtalen i 1992, som gjorde Noreg til ein del av EUs indre marknad.

STØTTEN TIL EØS-AVTALEN er rekordstor i folket, over 60 prosent ifølgje ei meiningsmå­ling Sentio gjorde for Nationen og Klassekamp­en i november.

Ei forklaring på oppslutnin­ga kan vere handelskri­gen USAs president Donald Trump har sett i gang. I ei verd der eit regelstyrt internasjo­nalt handelssys­tem står i fare for å bli erstatta av avtalar mellom land, har Noreg svaert mykje å tape på å seie opp EØS-avtalen.

I MANGE ANDRE land ville ein slik utilslørt hyllest av den globaliser­te handelens tidsalder, som ein ser på NHOs årskonfera­nse, vore høgst kontrovers­iell. Globaliser­ings-misjonaera­ne har tunge tider.

Dei har seg sjølve å takke. Vinsten frå globaliser­inga er i mange land ekstremt skeivforde­lt. Finanskris­a, der folket måtte betale og finansfyrs­tane gjekk fri, forsterka inntrykket av at systemet er rigga. Til fordel for dei rike.

I USA løfta det fram Donald Trump, i Storbritan­nia eit fleirtal for Brexit. I andre land har det skapt politisk ustabilite­t og grobotn for populisme.

Men ikkje i Noreg. Dels fordi vi som råvareleve­randør tente stort på veksten i Kina, og dels fordi vinsten av globaliser­inga vart langt betre fordelt.

Problemlau­st har det likevel ikkje vore. Spesielt frisleppet av arbeidsinn­vandring frå EU-land i Aust-Europa har skapt utfordring­ar med arbeidskri­minalitet og press på norske løns- og arbeidsvil­kår. Dette er kjernen i EØS-motstanden i LO.

PÅ ÅRSKONFERA­NSEN i fjor var idyllen mellom NHO og LO så blomstrand­e at det nesten vart litt for mykje av det gode.

I år står ikkje LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen på talarlista, utan at ein skal leggje for mykje i det. Programmet legg framleis tung vekt på «den norske modellen», der samarbeide­t med LO er noko av kjernen.

Det er ein stor fordel for landet at NHO og LO trekkjer saman. Og akkurat difor får ein vone at nokon på årets konferanse gjer eit forsøk på å sjå baksida av EØSavtalen. Kanskje kunne NHO og deira medlemmer gjort noko annleis.

I vår tid er det ikkje så dumt å vere litt audmjuk og kompromiss­viljug. Polariseri­ng er rett og slett «bad for business».

NHO-sjef Ole Erik Almlid ser ut til å ha forstått det. To dagar før konferanse­n seier han til LO-organet Fri Fagbevegel­se at «vi som arbeidsgiv­ere må tåle diskusjone­n» om NHO òg har skuld i EØSkonflik­ten.

Så då skal du sjå at alt ordnar seg til slutt, likevel.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway