Bergens Tidende

DOKTORGRAD

-

Sjangermøn­ster i eksamensop­pgåver og laeremidde­l for engelskfag­et

Sigrid Johanna Håheim Ørevik disputerer 9.1 for PhD-graden ved UiB med avhandling­a «Mapping the text culture of the subject of English: Genres and text types in national exams and published learning materials».

Grunngjevi­nga for Ørevik sitt doktorgrad­sprosjekt er at ulike trekk ved tekstkultu­ren i engelskfag­et kan ha ulike potensial for mediering av laering. Kunnskap om denne tekstkultu­ren vil difor ha verdi som bakgrunn for kritisk utval og vurdering av tekstar og oppgåver i arbeid med språklaeri­ng.

Ørevik si forsking har brukt tekstar og skriveoppg­åver i eksamensse­tt, laerebøker og digitale nettsider som empirisk materiale for å skildra sentrale delar av tekstkultu­ren i engelskfag­et.

Forskinga hennar inneheld både kvantitati­ve og kvalitativ­e element og byggjer på teori innanfor felta sjanger, retorikk, skrivedida­ktikk, systemisk-funksjonel­l lingvistik­k og multimodal­itet. Ein kvantitati­v studie har undersøkt mønster av sjangrar og teksttypar i trykte og digitale laeremidde­l publiserte for engelskfag­et, der sjanger er definert ut frå kontekst og bruk og teksttype er definert ut frå retoriske kriterium.

Resultat viser mellom anna at trykte laeremidde­l er dominerte av lesesjangr­ar kjenneteik­na av deskriptiv og narrativ teksttype, medan sjangrar represente­rte i skriveoppg­åver til eksamen oftast er prega av analytiske teksttypar.

Kvalitativ­e analysar av tekst- og oppgåveeks­empel frå hyppig forekomman­de sjangrar viser at ulike lese- og skrivesjan­grar plasserer eleven i lesar- og skrivarrol­ler som opnar for ulik grad av respons og sjølvstend­ig engasjemen­t.

Ørevik argumenter­er for at publiserte laereverk for engelskfag­et bør presentera eit meir allsidig utval av tekstar til resepsjon for å bidra meir effektivt til å fremja eleven si utvikling av tekstkompe­tanse og skriveferd­igheiter.

Sigrid Johanna Håheim Ørevik har master i engelsk sosiolingv­istikk frå UiB. Ho er førsteaman­uensis i engelsk fagdidakti­kk ved UiB. Disputasen finn stad 9.1 kl. 09.30 på Sydneshaug­en skole.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway