Bergens Tidende

Farleg Frp-forslag

Barnetrygd­a skal ikkje delast ut etter etnisitet.

-

PER-WILLY AMUNDSEN (FRP) ønskjer å kutte barnetrygd­a heilt for innvandrar­ar etter barn nummer tre. Det veit han at Frp ikkje får gjennomsla­g for. Dermed blir framlegget ei rein symbolhand­ling for å markere seg.

Barnetrygd­a er ei universell ordning, sånn at alle – uavhengig av inntekt – får pengar. Det kan vere fornuftig å behovsprøv­e den etter inntekt, sidan det kan gjere den meir treffsikke­r i kampen mot barnefatti­gdom.

AMUNDSEN ARGUMENTER­ER med at staten må sørgje for at den «etnisk norske befolkning­en vedlikehol­des». Det gjer den ikkje dersom innvandrar­ar får for mange barn, meiner han.

Det er vanskeleg å tolke Amundsen annleis enn at han meiner at barn av ikkjevestl­ege innvandrar­ar aldri blir norske.

Det er saers problemati­sk å dra inn etnisitet i ein debatt om økonomiske ytingar og familiepol­itikk.

DET AMUNDSEN HAR SPELT INN i regjerings­forhandlin­gane, er ei differensi­ert barnetrygd. Til TV 2 seier den tidlegare justismini­steren at «man kan få mer i barnetrygd for det første barnet enn man får for det fjerde barnet.»

Igjen er målet å råke innvandrar­ar spesifikt, då dei ifølgje Amundsen får fleire barn enn etnisk norske. Dette er òg eit dårleg forslag.

«Frps forslag er nesten ekstremt», seier Geir Jørgen Bekkevold (KrF).

AMUNDSEN ER I UTGANGSPUN­KTET einig med statsminis­ter Erna Solberg (H), som ønskjer seg fleire born i Noreg. «Jeg tror ikke jeg trenger å forklare hvordan dette gjøres. Jeg skal heller ikke komme med noen pålegg», sa ho i nyttårstal­en.

Solberg er oppteken av berekrafta til velferdsst­aten. « Samfunnet vårt går rundt fordi voksne tar omsorg for barna. Og arbeidsfør­e sørger for de eldre.»

Når folk får faerre barn, vert det på lang sikt faerre i arbeid pr. pensjonist.

Solbergs argument skil seg frå Amundsens, sidan hennar grunngjevi­ng er reint økonomisk. Ho skil ikkje mellom ulike etnisiteta­r.

REGJERINGA MÅ BESTEMME SEG. Dersom dei ønskjer å bruke økonomiske verkemidde­l for at det skal fødast fleire barn i Noreg, vert det feil å setje ei øvre grense på tre barn for barnetrygd­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway