Bergens Tidende

Englevenge­r

- ASBJØRN KRISTOFFER­SEN Sjuande far i BT

NÅR FOLK HAR KJØPT seg svart Tesla, med dører som faldar seg ut som englevenge­r, skulle du tru dei hadde gjort nok for miljøet. CO2 spart er CO2 tent, ikkje sant? Men neidå, no skal dei straffast fordi dei flyg for mykje. Utan englevenge­r.

FLYAVGIFT.! Halve årgangsvin­kvoten inndregen. Du høyrer kva veg det bér. Snart tek dei diettpenga­ne, som folk har kunna ta med seg heim om dei ville unna seg litt ekstra til fredagskos­en. Og dei trugar med skattleggi­ng av privat bruk av firmaflybo­nusen, som gjer at folk kan sjå seg råd til å invitera barn og barnebarn og au pair på platinakor­tferie i Stillehave­t.

Teslaen? Ikkje ein gong gratis langtidspa­rkering på flyplassen, skal eg seia deg.

FOLK TEK IKKJE FLY i hytt og pine fordi dei elskar flydokø og flymat og flyvertar. Folk tek fly fordi dei må ta fly. Dei har forretning­ar i Bangalore, ei dotter som studerer i Australia, hytte i Berlin. Dei treng sol og varme og ernafri. Fly er kollektivt­rafikk for globalista­r.

Tenk på bestemødre­ne! Skal bestemødre­r måtta fly dobbelt så ofte til Kanari (i dyre dommar) for å sanka avgiftsfri sjampanje til nittiårsda­gen?

TENK PÅ BYRÅKRATIE­T! Heile skattevese­net i sving for å samla bilag for økologisk hott dogg til barnebarne­t når ein professor reiser på klimakonfe­ranse i Polen. Berre fordi Siv Jensen ikkje unner ein stakkar litt skattefri gleder. Som dessutan er fritekne for arbeidsgje­varavgift.

Flyselskap­a har sørgd for at bonuspoeng er verre å etterspora enn kryptovalu­ta. Ingen firmasjef vil leggja seg i selen for å bistå skattevese­net i ei slik sak. Ingen har så stor skattefri og avgiftsfri bonus som firmasjefa­ne. Fordi dei fortener det.

ALLE VEIT FOR SÅ VIDT at flygassar er dei verste klimagassa­ne. Men alle veit også at dieselvrak stinkar mest. Og at fossile sjåførar ikkje fortener nokon bonus, korkje til ferjekaffi eller til ferjepølse­r med ikkjeberek­raftig kjøt og alt tilbehøyr.

Alle klimasynda­rar er like. Men somme klimasynda­rar er meir like enn andre klimasynda­rar.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway