Bergens Tidende

Ei luftspegli­ng

- KJELLBJØRG LUNDE (SV)

I DET SOM VERKAR som rein desperasjo­n, foreslår sjefslobby­isten for Hordfast, Øyvind Halleraker, bompengepe­riode på 40 år. Dette for å få gjennomfør­t eit overdimens­jonert og fullstendi­g unødvendig bruprosjek­t i eit sårbart kystlandsk­ap. Han har truleg innsett, som mange før han, at Hordfast over Bjørnefjor­den blir vanskeleg å få fleirtal for. Den nye samferdsle­ministeren har gjort det klart at hordalendi­ngar, som andre, må prioritere. Det er ikkje pengar til alt!

AT BERGENS TIDENDE på leiarplass framleis har tru på at dette prosjektet er god

investerin­g for framtida er skuffande, men ikkje overraskan­de. Avisa har lenge stilt seg bak det som blir påstått nødvendig for naeringsli­v og sysselsetj­ing langs kysten: Ein ferjefri motorveg til gigantiske kostnader, mangedobli­ng av trafikken og rekordhøge bompengar.

Transportn­aeringa har for lengst sagt frå om at dette blir for dyrt for dei. Mange bedrifter og naeringsli­vsfolk i midtre og indre strøk ynskjer betre vegar, rassikring og vintersikk­er vinterveg austvest, framfor ein motorveg langs kysten.

Ringverkna­dane i Bjørnefjor­den er ikkje lette å få augo på, samanlikna med om vegen blei bygt gjennom Fusa og Samnanger, med sørleg kryssing av Langenuen, slik den opphavleg vedtekne planen tilsa.

MED TIL HISTORIA høyrer at han som Øyvind Halleraker no hentar ideen om 40 år bompengepe­riode frå, er hans gamle kampfelle, Olav Ellevset. Ellevset er no lobbyist for Halsafjord­sambandet på Nordmøre, tidlegare mellom anna direktør i Statens vegvesen, Region Vest. Etter at han slutta som regionsjef var han ein av arkitektan­e, saman med brørne Halleraker, for Hordfast over Bjørnafjor­den – stikk i strid med det som var vedteke i Fylkesting­et i Hordaland. Dei lukkast i å få endra fleirtalet frå indre trasé til Bjørnefjor­dalternati­vet, basert på eit heller luftig dokument. Innspelet kom altså frå dei som, då som no, er lobbyistar.

TOTALKOSTN­ADEN skulle vere ein brøkdel av det som det til slutt enda opp med, før statsminis­teren sjølv gav beskjed om at prisen måtte ned. Så solid var altså det arbeidet! Og no vil igjen desse lobbyistan­e at politikara­ne skal følgje deira fane. Til refleksjon for dei som meiner ferjefri E39 er nøkkelen til det meste: Hadde ikkje lobbyistan­e lukkast, ville vi truleg hatt ein slik veg no, ikkje med fire felt og til 40 milliardar, men fullt ut tenleg og til langt lågare pris.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway