Regjeringas ventespor
Bergen kan ikkje vente til 2040 med å få ny godsterminal. Regjeringa må gå ein ny runde i saka.
BYRÅDET TOK stor politisk risiko då dei peika på Hordnesskogen som den mest eigna staden for ein ny godsterminal i 2016. Striden var opprivande, og sette bydelar opp mot kvarandre.
Så vart det stille. Regjeringa har no slått seg til ro med at Nygårdstangen vil fungere som godsterminal fram til 2040. Det er altfor lenge for ei midlertidig løysing.
PROBLEMET er blitt aktualisert av arbeidet med Bybanen til Fyllingsdalen. Dei som brukar dagens terminal er fortvilte over at tilhøva deira vert dårlegare på den oppgraderte terminalen.
Oppgraderinga gjer at terminalen vil takle fleire godstog enn i dag, men det vert òg dårlegare plass til lastebilar som skal frakte varene vidare. Bybanen skal nemleg gå rett forbi innkøyrselen til terminalområdet, noko som tar verdifull plass frå terminalen.
Trafikken er ikkje bra for sentrum, og byen vil ha godt av at området vert frigjort til byutvikling. MÅLET MED UTGREIINGA som starta i 2014 var å finne ei langsiktig løysing for godset i Bergen. I Bergen klarte politikarane å lande på ein konklusjon. Det gjorde ikkje dei i Oslo.
Det var trass alt regjeringa som bad Bergen kommune ta stilling til saka. Handlekraft vart til utsetjingskraft.
– Ein kan ikkje berre spele opp til konfliktfylte prosessar i nærmiljøet, og så trekkje seg ut av det når ein ser kor komplisert det er, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap). Kritikken hennar mot regjeringa er treffande.
BERGEN HAR DISKUTERT ny godsterminal i fleire omgangar. Styresmaktene har framleis ikkje klart å finne ut kvar godset skal kome inn til Bergen på lang sikt.
Det blir ikkje lettare å avgjere flytting i neste runde.
Styresmaktene bør difor ta opp igjen arbeidet med kvar den nye godsterminalen skal vere, slik at dei ikkje kjem på etterskot endå ein gong.
EIN NY GODSTERMINAL i Bergen vil bli kostbar, så det er forståeleg at styresmaktene kvir seg. Det handlar nok likevel mest om at flyttinga er svært upopulær der terminalen endar opp.
Trafikken er ikkje bra for sentrum, og byen vil ha godt av at området vert frigjort til byutvikling.
Den store fordelen med å flytte terminalen ut av sentrum, er at ein kan samle fleire terminalar og dermed redusere trafikken i Bergen. Jernbana står for meir enn 60 prosent av godset inn til Bergen, og det er betydelege mengder varer som skal ut til ei rekkje lager og butikkar.
Ei slik samlokalisering kan aldri skje i sentrum – det er det rett og slett ikkje plass til.
REGJERINGA SKULDAR Bergen eit skikkeleg svar på kva dei vil med godset.