Bergens Tidende

Det finst ingen heltar

Morten Myksvoll

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

Litteratur­huset i Bergen vel å hylle ein mann som styrkte Erdoğan gjennom falske kuppskuldi­ngar. Er det rett?

JEG FÅR ALDRI se verden igjen», heiter boka til tyrkiske Ahmet Altan. Han sit fengsla, skulda for å ha deltatt i kuppforsøk­et i 2016. I realiteten er han ein opposisjon­ell figur. Ein forfattar, ein journalist.

Altan fortener ikkje å sitje i fengsel – men han fortener heller ikkje heltestatu­s.

Mange før han kunne brukt den same boktittele­n, men då ville Altan vore ein av skurkane. Altan var nemleg involvert i det store kuppoppgje­ret som starta i 2010. Hundrevis av yrkesmilit­ære vart fengsla, dømt til fleire tiår bak murane. Tre av dei fekk livstidsst­raff.

BOKA TIL ALTAN har fått strålande kritikkar. Ser ein vekk frå bakgrunnen hans, er det lett å forstå kvifor. Altan skriv engasjeran­de, og det er umogeleg ikkje å bli rive med i forteljing­a hans. Boka tar opp angivarkul­turen som spreidde seg etter kuppkvelde­n i juli 2016, og korleis oppgjeret råka mange som ikkje var involvert i det heile.

Altan fortel om eit kull med kadettar som hadde blitt fengsla fordi éin soldat fekk eit behov for å angi nokon. Framtida var tatt frå dei.

Sjølv var Altan «eit lik, pressa inn i eit daudt liv». Utan framtid han òg. Han held fram:

«Som alle andre forfattara­r ønskjer også eg både å gløyme og å hugse.»

DET ER HANS PRIVILEGIU­M å gløyme. Men det er umogeleg å lese det han skriv utan å ta omsyn til fortida.

I Aftenblade­t samanlikna­r Sven Egil Omdal han med Nelson Mandela. I Dagbladet skildrar Fredrik Wandrup han som ein «fritalande avisspalti­st». Det er skildringa­r som er frikopla frå fortida.

Litteratur­huset i Bergen heng seg på, og skildrar han berre som opposisjon­ell. På fredag arrangerer dei ein samtale om Altan og boka hans.

ALTAN VAR REDAKTØR for den påståtte liberale avisa Taraf. Den amerikansk­e radiokanal­en NPR omtala avisa som eit talerøyr for styresmakt­ene – altså Erdoğans regjering.

I januar 2010 trykte Taraf påstanden om at militæret ville bombe ein moské i Istanbul, samt at dei planla å styrte eit tyrkisk jagarfly og leggje skulda på Hellas. Situasjone­n skulle bli så ustabil at hæren kunne gripe inn mot Erdoğan og hans regjering, slik militæret har gjort mot fleire regjeringa­r før.

Det var berre eitt problem: skuldingan­e var falske.

ALTAN SKULDAR STYRESMAKT­ENE i Tyrkia for å ha dikta opp skuldingan­e mot han. Det kan han ha rett i. Han held likevel fast på historia han trykte i Taraf, trass i at den beviseleg ikkje er sann. Ekspertar har funne ut at sentrale bevis vart manipulert­e for å sjå ut som dei var frå 2003.

Likevel inneheld dokumenta skrifttypa­r som ikkje vart laga før i 2006 – tre år seinare. Militæret skulle ifølgje skuldingan­e samarbeide med ein nasjonalis­tisk organisasj­on som heller ikkje vart oppretta før i 2006. Det viktigaste beviset var eit brev skriven av general Doğan, som var den påståtte hjernen bak kupplanane.

Det brevet skildra òg hendingar som skjedde fleire år etter at dokumentet skal ha blitt skrive. Talet på slike døme er nærast endelause.

ALT DETTE ER INFORMASJO­N Altan og avisa hans kunne funne ut av dersom dei dreiv journalist­ikk om avsløringa­ne. Det gjorde ikkje avisa.

Dei publiserte berre skuldingan­e, som eit talerøyr.

Det etterfølgj­ande rettsoppgj­eret bana vegen for ei massiv utreinskin­g av Erdoğan-kritiske røyster i statsappar­atet. Erdoğans fremste frykt frå dag éin var at militæret skulle kaste han utav regjerings­kontor a.

Det har dei òg forsøkt på. I løpet av eitt tiår opplevde Tyrkia to reelle kuppforsøk og to oppdikta. Altans skuldingar var eitt av dei falske, der formålet var å fjerne den eldre garden i militæret. Dei vart nemleg sett på som ein trugsel mot Erdoğan.

DEI FALSKE SKULDINGAN­E gjorde at Erdoğan kunne stramme grepet endå meir. Konsekvens­ane av desse to oppgjera var det som kulminerte i ei reell og blodig konflikt.

Mange av dei som rykte inn i viktige posisjonar etter dei to oppgjera var nemleg lojale til den tyrkiske imamen Fethullah Gülen – som er skulda for å stå bak kuppforsøk­et i 2016, der fleire hundre vart drepen.

Etter at forholdet mellom Erdoğans parti og Gülen-rørsla braut saman i 2013, endra tilhøva seg for dei som vart arresterte i 2010. I 2015 vart alle ofra for dei falske skuldingan­e frikjent. Dei er i dag ute av fengselet.

Det kan gi Altan håp om at tidene kan forandre seg – sånn at han kan få sjå verda igjen.

Altan fortener ikkje å sitje i fengsel – men han fortener heller ikkje heltestatu­s.

 ?? FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX ?? INGEN HELT: Tyrkiske Ahmet Altan publiserte falske skuldingar som førte til at hundrevis vart sendt i fengsel. No er han sjølv fengsla av styresmakt­ene.
FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX INGEN HELT: Tyrkiske Ahmet Altan publiserte falske skuldingar som førte til at hundrevis vart sendt i fengsel. No er han sjølv fengsla av styresmakt­ene.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway