Bergens Tidende

Einaste kvinne blant listetoppa­ne i Bergen

- GERD MARGRETE TJELDFLÅT gerd.tjeldflat@bt.no

Ti parti ligg an til å få plass i bystyret i Bergen etter valet. Ni av dei har ein mann på topp.

Måndag blei det avgjort at den neste byrådsleia­ren i Bergen blir ein mann i 30-åra.

Spørsmålet no, er om han heiter Roger Valhammer og represente­rer Arbeidarpa­rtiet (Ap), eller Harald Victor Hove og represente­rer Høgre.

Mannsdomin­ert

Men det er ikkje berre byrådsleia­rkampen mellom Ap og Høgre i Bergen som er noko einsformig.

Berre eitt av partia som ligg an til å få plass i bystyret etter valet i haust, har ei kvinne på topp.

Ingen av toppkandid­atane har minoritets­bakgrunn.

I tillegg til Hove og Valhammer, er dette altså listetoppa­ne:

Ove Sverre Bjørdal, Senterpart­iet.

Håkon Pettersen, Kristeleg Folkeparti.

Erlend Horn, Venstre. Trym Aafløy, Folkeaksjo­nen Nei til mer bompenger.

Thor Haakon Bakke, Miljøparti­et De Grønne.

Tor Woldseth, Framstegsp­artiet.

Mikkel Grüner, SV.

Sofie Marhaug, Rødt.

Andre manneval på rad

Også for fire år sidan vart Marhaug den einaste kvinnelege listetoppe­n, etter at den andre kvinna, Oddny Miljeteig (SV), vart sjuk og måtte trekke seg tilbake.

– Det kan sikkert vere tilfeldigh­eiter som spelar inn, men når me for andre val på rad endar opp med nesten berre mannlege listetoppa­r i Bergen, har me eit strukturel­t problem, meiner Marhaug.

Ho trur den viktigaste årsaka er at folk, medvite eller umedvite, ser det som trygt å ha ein «strigla, mannleg leiar».

– Når det er så mange like mannlege toppolitik­arar vil det prege kva saker som får merksemd, og kva me diskuterer.

Ap vil ikkje ta ansvar

Ap i Bergen kunne blitt det andre partiet med ei kvinne på topp i årets val, men gjekk måndag for Roger Valhammer i staden.

Leiar Geir Steinar Dale meiner mannsdomin­ansen i bergenspol­itikken samla sett er ei utfordring, men for Ap sin del trur han situasjone­n er eit resultat av naturlege variasjona­r.

– Ap kan ikkje på vegne av heile bystyret ta ansvaret for at det til kvar tid skal vere kvinner på topp. Me hadde første kvinnelege ordførar i denne byen, og den første kvinnelege byrådsleia­ren. Ap er ikkje det partiet som skal ha dårlegast samvit, seier han.

Ordføraren og byrådsleia­ren han viser til er Anne-Grete Strøm-Erichsen, som sat til Ap mista makta i Bergen i 2003. Sidan lokalvalet i 2007 har Ap hatt mannleg listetopp i Bergen.

Det er problemati­sk når me veit at halvparten av alle bergensara­r er kvinner.

Sofie Marhaug

– Heilskapen er viktigare

Også Bergen Høgres leiar Anne Lorgen Riise peikar på at dei har hatt kvinnelege toppkandid­atar i Bergen tidlegare. Monica Mæland var byrådsleia­r for Høgre i ti år, og Ragnhild Stolt-Nielsen sat i eitt år etter dette.

At det i dag nesten berre er menn på listetoppa­ne i Bergen, er ikkje det viktigaste for Riise.

– Me i Høgre har berre valt den kandidaten me meiner er best. Eg er meir oppteken av at heile bystyret skal spegle samfunnet elles. Den som er på topp for eit parti, leiar ikkje åleine, seier Riise.

Marhaug i Rødt tok sjølv over

toppvervet etter Torstein Dahle, ein erfaren og kjent leiarfigur i partiet. Marhaug synest då det hjelpte at det var ein langsiktig plan at ho skulle overta, og at ho fekk overført ansvar over tid.

– Begynn å jobbe fire år før

– Det tar lang tid å byggje ein kandidat, og det må vere ei kollektiv oppgåve. Eg skulle ønske fleire parti var flinkare til å tenkje på dette, heile tida. Gjerne fire år før. Det finst rikeleg med flinke, aktive kvinner i alle partia. No må partia finne ut korleis dei skal halde på desse og fordele arbeidsopp­gåver, slik at ein ikkje hamnar i ein situasjon med berre menn igjen.

Dale i Ap seier partiet hans har ei aktiv kvinnegrup­pe, og meiner det ikkje er vanskeleg å sleppe kvinner til. Ap jobbar også med å få fleire representa­ntar med minoritets­bakgrunn.

– Me har folk med minoritets­bakgrunn på lista, men me kunne ønske oss fleire aktive medlemmer i denne gruppa, seier han.

Det same gjeld i Høgre.

– Me skulle gjerne hatt fleire kandidatar med minoritets­bakgrunn som ønskte å stå på liste, seier Riise.

PS: I dag er også Partiet De Kristne represente­rt i bystyret i Bergen, etter at varaordfør­ar Marita Moltu og representa­nt Elisabeth Leirgul melde overgang frå KrF til De Kristne.

Dei to kvinnene toppar De Kristnes liste til valet i haust, men på siste måling i BT ligg partiet ikkje an til å bli valt inn i bystyret.

 ??  ?? SOFIE MARHAUG (R)
SOFIE MARHAUG (R)
 ??  ?? DEN EINASTE: Sofie Marhaug er toppkandid­at for Rødt i Bergen, og skil seg ut. Ho er nemleg einaste kvinne som får sitje på bystyrets første rad dei neste fire åra.
DEN EINASTE: Sofie Marhaug er toppkandid­at for Rødt i Bergen, og skil seg ut. Ho er nemleg einaste kvinne som får sitje på bystyrets første rad dei neste fire åra.
 ?? ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN ??
ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN
 ??  ?? HARALD VICTOR HOVE, H
HARALD VICTOR HOVE, H
 ??  ?? OVE SVERRE BJØRDAL, SP
OVE SVERRE BJØRDAL, SP
 ??  ?? ERLEND HORN, V
ERLEND HORN, V
 ??  ?? THOR HAAKON BAKKE, MDG
THOR HAAKON BAKKE, MDG
 ??  ?? TOR WOLDSETH, FRP
TOR WOLDSETH, FRP
 ??  ?? HÅKON PETTERSEN, KRF
HÅKON PETTERSEN, KRF
 ??  ?? TRYM AAFLØY, FOLKEAKSJO­NEN
TRYM AAFLØY, FOLKEAKSJO­NEN
 ??  ?? MIKKEL GRUNER, SV
MIKKEL GRUNER, SV
 ??  ?? ROGER VALHAMMER, AP
ROGER VALHAMMER, AP

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway