Bergens Tidende

Halve himmelen

Bergen har eit problem når åtte av ni toppkandid­atar er menn.

-

OVE SVERRE BJØRDAL, Roger Valhammer, Håkon Pettersen, Erlend Horn, Trym Aafløy, Thor Haakon Bakke, Tor Woldseth, Mikkel Grüner. Og Sofie Marhaug. Ser du tendensen?

I årets kommuneval er det karane som har kapra topplassan­e, skriv BT om denne veka. Det motsette, altså åtte kvinner og éin mann på topp, har knapt skjedd nokon gong i Noreg.

DET ER IKKJE det enkelte parti som skal kjenne ansvaret for å skaffe eit likestilt lag av toppkandid­atar. Tilfeldige hendingar kan òg spele inn: Denne gongen tapte Marte Mjøs Persen (Ap) på målstreken. Sist blei Oddny Miljeteig (SV) sjuk. Fleire i bystyret har meldt overgang til parti som ikkje ligg an til å kome inn ved haustens val.

Men når det berre er Raudt som stiller med kvinne på topp for andre val på rad, peikar det på eit problem som gjeld heile byen: Kvifor når ikkje fleire kvinner opp?

I likestilli­ngslandet Noreg er tre av fire ordførarar menn. Derimot er 43 prosent av varaordfør­arane kvinner. Med andre ord: Damene er vist til andreplass­en i svært mange kommunar. Det er mange tiltak Bergen og andre kommunar kan setje i verk.

FOR DET FYRSTE må bystyret vise handlekraf­t når dei fordeler verva etter valet: Bergen må vere likestilt sjølv om partia ikkje er det.

For det andre bør kommunen finne ut meir om grunnane til problemet. Er det kvinners omsorgsbyr­de som gjer at dei takkar nei? Kan ein gjere noko med møtetider og godtgjersl­e for å betre på det til 2023-nominasjon­en?

FOR DET TREDJE bør bystyret sjå på om dei kvinnelege toppane møter ein annan kvardag i den politiske debatten. Kvinnelege lokalpolit­ikarar får gjerne grovare hets på nett og sosiale medium. Slike problem må bli møtt med kraftfulle tiltak. Ingen bør bli skremt ut av politikken.

Og for det fjerde bør partia gå i seg sjølve: Fleire av bergenspar­tia har ikkje hatt ei kvinne på topp på 15–20 år. Er det verkeleg heilt tilfeldig? Den diskusjone­n må partia ta på alvor. Ein må alt no byrje å byggje ei eller fleire kvinner som kan vere gode toppkandid­atar om fire år.

Det handlar ikkje om kvotering.

Dette må ikkje bli sett på som personalpo­litisk tiltak, men som viktige spørsmål som handlar om representa­tiviteten til demokratie­t. Det handlar ikkje om kvotering.

BERGEN ER FULL av dyktige kvinner som kan fylle tunge oppgåver i både by- og rikspoliti­kken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway