Bergens Tidende

TILTAK: Det er viktig at skulane gjev god opplæring om kva mangfald i kjønn og seksualite­t handlar om.

Ei ny undersøkin­g viser at skeive er langt meir utsette for hatytringa­r og truslar enn folket elles. No må tiltaka kome.

-

KORLEIS ER DET å vere ho eine lesbiske på ein arbeidspla­ss? Kva slags hat møter transperso­nar på nettet? Ei ny undersøkin­g, utført av Institutt for samfunnsfo­rskning på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedir­ektoratet (Bufdir), gjer at vi veit langt meir enn tidlegare om stoda for LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile og transperso­nar).

Og tala er dyster lesnad: 15 prosent av LHBT-personane i undersøkin­ga fortel at dei er blitt utsette for konkrete truslar det siste året. Talet blant folket elles er fire prosent.

36 prosent har opplevd nedsetjand­e kommentara­r og 23 prosent har møtt hatefulle ytringar. Det er om lag dobbelt så mange som blant folket elles.

INTERNETT OG SOSIALE MEDIUM er den klart vanlegaste plassen å bli utsett for slike hatefulle ytringar, fortel rapporten. Men på andreplass kjem arbeidspla­ssen, og like bak kjem offentleg transport. Det fortel ei dyster historie om Noreg, eit land som elles kan skryte av å vere verdas nest beste land å vere homofil i.

Med denne rapporten har Noreg eit mykje betre utgangspun­kt enn tidlegare for å finne gode tiltak ein kan setje i verk.

For det fyrste er det viktig at skulane gjev god opplæring om kva mangfald i kjønn og seksualite­t handlar om.

FOR DET ANDRE bør arbeidsliv­ets organisasj­onar ta problemet med hets på arbeidspla­ssen på alvor. Arbeidet mot trakasseri­ng av skeive arbeidstak­arar bør vere ein naturleg del av alle handlingsp­lanar mot seksuell trakasseri­ng på arbeids- plassar, i organisasj­onslivet og elles. For det tredje må skeive som er utsett for hatefulle ytringar kunne vere trygge på at politiet prioritere­r å følgje opp saka deira. Det skjer i for liten grad i dag.

Ingen er fri før alle er fri.

EIT HEILT KONKRET TILTAK for å gjere det lettare å vere skeiv over heile landet, er pride-arrangemen­ta kvar sommar. Denne veka kom nyhenda om at Sogn og Fjordane får sin fyrste pride-festival til sommaren.

Det er positivt at fjordfylke­t blir ein del av bygdepride-trenden her til lands, og det kan vere med på å byggje ned fordomar og hat. Målet må vere at alle skal kunne leve som den dei er og elske kven dei vil.

INGEN ER FRI før alle er fri.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway