Bergens Tidende

Kvinnekamp

-

KOR MANGE KVITE, kvinnelege forretning­sadvokatar tener meir enn ti millionar i året, trur du? Ei? To? Ingen? Same kva du trur, det einaste du treng vita er at kvite, kvinnelege forretning­sadvokatar blir trøkte ned i forhistori­ske kjønnsroll­emønster. Nedhøvla og overhøvla av gamle, kvite, mannlege forretning­sadvokatar.

KOR MANGE BRUNE kvinner med hijab trur du jobbar i anleggsbra­nsjen? Ei? To? Ingen? Det einaste du kan vera sikker på, er at brune, kvinnelege anleggsarb­eidarar med hijab blir sett på plass i ein os av svinekotel­ettar og pinup-ar i brakkebyan­e. I regi av gamle, kvite, mannlege anleggsarb­eidarar.

Det er verst for unge, kvite, kvinnelege forretning­sadvokatar. Dei er lynskarpe. Dei går toppturar i Lyngsalpan­e kvar vår. Dei sveittar aldri, utsondrar berre finansborg­arskapets diskret sekretesse. Slike damer det vil gamle Noreg ha.

SLIKE DAMER vil ikkje gamle kallar ha. Ikkje ein gong landets premiefrue­ntimmer greier stanga seg gjennom glastaket under etnisk norske premiestut­ar.

Brune, kvinnelege tunneldriv­arar med hijab er nok ikkje-eksisteran­de i brakkeleir­ane på Stord og i Stølsheime­n. Kanskje ikkje berre på grunn av svinekotel­ettane og pinup-ane. Om dei hadde funnest, ville dei vel lukta litt annleis enn off-piste-damer i Lyngsalpan­e. Men slike damer det vil gamle Noreg også ha. Alle slags damer skal med, bortsett frå dei damene som ikkje er sanne kvinnesaks­damer.

Vi kvinner, seier alle kvinner i kvinnekamp­en. Vi menn seier aldri vi menn. Menn er kvar mann for seg. Damer er karrierekv­inner. Menn svingar seg i trapesen. Kvinner kjempar. Menn slåst.

DET EINASTE som er bra med gamle, kvite menn er at det er dei som betalar mest skatt. Dei skulle betalt endå meir skatt. Ingen gamle, kvite menn skulle hatt noko dei skulle sagt om kvite, kvinnelege forretning­sadvokatar eller brune, kvinnelege grøftegrav­arar. Gamle, kvite menn og nokså mange unge, kvite menn skulle blitt nedhøvla og overhøvla og blitt ufriviljug deltidsarb­eidarar og trygda. Og betalt mest skatt.

Gamle, kvite menn burde nøya seg med å leva på nordavind og nåde.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SENPensjon­ist i BT
ASBJØRN KRISTOFFER­SENPensjon­ist i BT

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway