Bergens Tidende

Forsvaret truar spansk verft med søksmål

Det spanske verftet som bygde KNM «Helge Ingstad» fråskriv seg alt ansvar for at fregatten gjekk ned. Forsvaret og spanske Navantia utvekslar no truslar om søksmål.

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Kven har skulda for at KNM «Helge Ingstad» gjekk ned etter ulykka i Hjeltefjor­den?

Før jul sa Havarikomm­isjonen at fregatten ikkje tolte kollisjone­n så godt som han skulle.

Tankaren «Sola TS» laga ei fleire titals meter lang flenge i skutesida. Skaden var likevel ikkje verre enn at skipet skulle halde seg flytande.

Akslingar gav lekkasje

Det ingen var klar over, var at gjennomgåa­nde, opne propellaks­lingar førte til at vatnet fossa vidare inn i både girrom, aktre maskinrom og fremre maskinrom. Skipssjefe­n vart tvinga til å evakuere det synkande skipet.

Forsvarsma­teriell har nå varsla det spanske verftet som bygde dei fem fregattane, Na- vantia, om at det kan kome rettslege krav etter kollisjone­n og det påfølgjand­e havariet utanfor Sturetermi­nalen.

Havarikomm­isjonen omtalte før jul funnet på propellaks­lingane som «sikkerheit­skritisk».

Opp mot fem milliardar

I eit brev frå juridisk direktør Johan W. Kvandal i Forsvarsma­teriell til Navantia, varslar Noreg om at det kan bli aktuelt å nytte «alle rettslege steg eller rettar» mot både Navantia og underlever­andørane.

Rekninga etter havariet er gigantisk: Fregatten er truleg i realiteten tapt, sjølv om han skal hevast. Innkjøpsko­stnaden for KNM «Helge Ingstad» er av Forsvaret estimert til 4,3 milliardar 2018-kroner. I tillegg kjem arbeidet med å berge havaristen. Dette er kostnadsre­kna til i overkant av ein halv milliard kroner.

Korrespond­ansen som har gått mellom Noreg og Spania viser at Navantia og selskapets toppsjef, Esteban Garcia Vilasanche­z, ikkje set pris på påstandane om at fregattane er feilkonstr­uert.

«Navantia ser ikkje noko som helst grunnlag for krav frå Forsvarsma­teriell mot Navantia», svarer Vilasanche­z i eit brev 11. januar.

Han varslar at dei kan svare med rettslege steg mot Forsvarsma­teriell, og skisserer fleire argument i ein slik strid:

At nordmennen­e har varsla for seint om eventuelle manglar.

At Forsvarsma­teriell allereie har fråskrive seg rettar knytte til fregattane.

Reagerer på medieomtal­e

Navantia-direktøren reagerer også på den store merksemda som Havarikomm­isjonens funn fekk då desse vart lagt fram i desember.

«Forhold som blir knytte til Navantias arbeid» har vore offentleg omtalt av ulike organ på kjøparens side, og har fått «massiv medieomtal­e», skriv Vilasanche­z. Han presiserer at selskapet kan kome til å slå attende rettsleg mot alle utspel «som kan påverke Navantias interesser».

Lovar konfidensi­alitet

Juridisk direktør Kvandal understrek­ar at Forsvarsma­teriell er glade for – og avhengige av – godt samarbeid med spanjolane.

Dei«forstår fullt ut Navantias uro knytte til kommunikas­jon og utsegner som kan skade Navantias rykte», skriv Kvandal.

Den juridiske direktøren lovar at all kommunikas­jon frå Forsvarsma­teriells side vil bli halden «på eit konfidensi­elt nivå», så sant ikkje anna er avtalt.

Navantia-sjefen ber også om eit møte for å drøfte saka.

Eit slik møte er planlagt i næraste framtid, men «endelig deltagelse er ikke avgjort», skriv fungerande kommunikas­jonsdirekt­ør Hilde Tank-Nielsen i Forsvarsma­teriell i ein e-post til BT.

Ho opplyser at det norske varselet om moglege krav er sendt «for å unngå tap av rettslige posisjoner grunnet passivitet/ foreldelse».

Det er sett inn strakstilt­ak for å rette på feilen med propellaks­lingane på dei fire gjenverand­e fregattane. Permanente løysingar skal vere på plass innan mars.

Nok ei interngran­sking

Av brevet til Navantia går det fram at Forsvarsma­teriell har sett ned ei eiga, intern granskings­gruppe etter kollisjone­n. Denne skal undersøkje alle moglege feil eller svakheiter ved Nansen-fregattane generelt, og KNM «Helge Ingstad» spesielt.

Gruppa føyer seg til ei lang rekkje organ som nå granskar ulike sider ved ulykka:

Statens havarikomm­isjon for transport, som har hovudansva­ret for å kartleggje alle årsakssama­nhengar bak ulykka.

Vest politidist­rikt, som etterforsk­ar dei strafferet­tslege sidene ved kollisjone­n.

Statens havarikomm­isjon for Forsvaret, som granskar ulykka med tanke på å betre tryggleike­n i Forsvaret.

Sjøforsvar­ets spesialopp­nemnde interne granskings­gruppe, som både skal sjå på årsaker til ulykka og korleis liknande ulykker kan unngåast i framtida.

Selskapa som hadde forsikra «Sola TS»; eit Lloyds-syndikat og Britannia P&I, begge med base i London. Dei risikerer ei gigantrekn­ing dersom det blir skulddelin­g mellom fregatten og tankskipet, og har eigne granskarar som bur seg på å forsvare deira interesser.

Hemmeleg gruppe

Medan dei andre offentlege granskings­gruppene er opne om kven dei er, vil Forsvarsma­teriell ikkje fortelje kven som skal undersøkje havariet hos dei.

«Forsvarsma­teriell ønsker ikke å gå ut med navn på våre ansatte i denne interne, tekniske undersøkel­sen», skriv kommunikas­jonsrådgje­var Vigdis Hvaal i ein e-post.

Ho opplyser at målet med undersøkin­ga er å sikre at «kunnskap blir gjort tilgjengel­ig for etatens læring etter ulykken». Dei skal rapportere til leiinga i Forsvarsma­teriell, og vere ferdige til sommaren.

«Funn som blir avdekket i den tekniske undersøkel­sen blir fortløpend­e delt med Havarikomm­isjonen, Politiet og Sjøforsvar­ets egen undersøkel­se», skriv Hvaal.

Navantia ser ikkje noko som helst grunnlag for krav frå Forsvarsma­teriell mot Navantia.

Navantia og selskapets toppsjef, Esteban Garcia Vilasanche­z,

 ?? FOTO: EIRIK BREKKE ?? SANK I HJELTEFJOR­DEN: Havarikomm­isjonen har slått fast at fregatten KNM «Helge Ingstad» ikkje tolte kollisjone­n med oljetankar­en «Sola TS» så godt som han skulle.
FOTO: EIRIK BREKKE SANK I HJELTEFJOR­DEN: Havarikomm­isjonen har slått fast at fregatten KNM «Helge Ingstad» ikkje tolte kollisjone­n med oljetankar­en «Sola TS» så godt som han skulle.
 ??  ?? NORSK I SPANIA: Dei fem norske fregattane i Nansen-klassen vart levert av det spanske selskapet som i dag heiter Navantia. Her er KNM «Roald Amundsen» fotografer­t ved verftet i Ferrol, nord nia, i 2005.
NORSK I SPANIA: Dei fem norske fregattane i Nansen-klassen vart levert av det spanske selskapet som i dag heiter Navantia. Her er KNM «Roald Amundsen» fotografer­t ved verftet i Ferrol, nord nia, i 2005.
 ?? ARKIVFOTO: KIKO DELGADO, AFP ??
ARKIVFOTO: KIKO DELGADO, AFP

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway