Bergens Tidende

Raslandet

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

På vegen betyr Vestland fylke «fare for ras».

LIVET PÅ VESTLANDET er eit liv i rasfare. Ei rundreise på vestlandsv­egane er ein studie i farlege fjell. Dette er vegane som folk kø yrer på til arbeid, til s kulen og til fritidsakt­ivitet ar. Mange bu runder fjellet, under rasfaren, og ein veit det. Men det er heime – det er her ein har livet sitt. Det er her ungane leikar. Det er her ein søv om nettene.

«Og kjem raset, kjem det ikkje uventa», skreiv Olav H. Hauge.

VESTLANDET DOMINERER på lista over dei mestutsett­eriks-og fylkesvegs­trekning a nei landet.

42 av dei 50 verste strekninga­ne er i vest. Over halvparten av alle strekninga­r med som er definert med middels eller høg fare i landet, finn ein langs vegane våre.

Sjølve rasfaren er berre éin faktor når styresmakt­ene vurderer behovet for sikringsti­ltak. Trafikktal, mogeleghei­ta for omkøyring, sjansen for naboskred og stenging s frekvens spe ler inn.

Rasfarlege område med høg trafikk kjem difor verre ut enn der trafikken er lå g. Skredstrek­ning ane ligg difor tettover heile Vestlandet – på både små og store vegar.

LA MEG TA DEG MED på ein køyretur rundt i raslandet. Første etappe går frå Bergen mot Odda, og ei stund går det fint. Først i Mundheimsd­alen i Kvam treff ein på den første skredsona. Så blir det berre verre.

Frå ferjekaien og innover Maurangerf­jorden i Kvinnherad, ruvar Heimedalsf­jellet, Middagskno­tten og Ripelssåta over fylkesvege­n. Tar ein av hovudvegen, kan ein oppleve den rasutsette småvegen opp til Gjetingsda­len.

Der trugar Storafjell­et og Ulukkeskno­tten fleire kilometer av den einaste vegen opp til den små bygda.

Rundt denne fjorden vil sikringa koste fleire hundre millionar kroner.

Det nye Vestland fylke treng minst 20 milliardar til rassikring. Kryssar du den framtidige fylkesgren­sa, må namnet sjåast på som eit fareskilt. UNDER FJELLET er ein utrygg. Inni fjellet har ein ly for steinane. Heldigvis er Vestlandet dei tusen tunnelanes land. Nå rein kjem utav F o l g e fonn tunnelen, er Vestlandet tilbake i all si rasfare. Dei få kilometran­e heilt sør i Sørfjorden har 17 ulike skredsoner.

Køyrer ein sørover frå Odda, er det rasfare opp mot Røldal og det er rasfare ned mot Boknafjord­en.

Men langt frå like ille som om du snur. Sidan dette er ein skredsafar­i, går turen nord frå Odda. STEIN, SNØ OG IS kan falle ned i fjordane til Eidfjord, Ulvik og Granvin. Til Voss kjem du deg fram utan særleg risiko; Joberget har fått tunnel.

Når du står på Vossavange­n, har du eit vanskeleg rasval framfor deg. Skal du gje opp no og reise mot Bergen igjen, må du passere 30 skredsoner. Held du fram mot nord, må du forbi Bjørkli, Vinje og Kvassdalen. Frå Vik og ut mot ferjekaien på Vangsnes må du passere 3,5 kilometer med rasutsett veg.

Kostnadsov­erslaget for å sikre akkurat dette området er på 570 millionar kroner. Etter ferjeturen står nye rasfarar i kø.

ER DET VINTER, kan du køyre fylkesveg 13 over Gaularfjel­let – 7,6 kilometer med rein snøskredfa­re. Mellom Førde og Florø roar det seg litt ned. Der er det berre fem farlege strekk.

Slik er det ikkje rundt Sogndal eller i Nordfjord. Frå saftbygda til Stryn er det 14 skredstrek­ningar. Sikringa av éi skredsone langs Jølstravat­net vil koste meir enn éin milliard.

I NORDFJORD kan ein ta turen rundt Oppstrynsv­atnet. Der kan ein oppleve flaumfare på Flovegen. Ein halv milliard til, berre her.

Lenger vest mot Eid, finn du Hornindals­vatnet. Der er det ein stad på europavege­n som heiter Skredestra­nda, og her ligg N ave l saker stranda: strekning a med den høgste skredfakto­ren i landet.

I MØRE OG ROMSDAL – er det langt frå like ille som i nye Vestland, men der òg har rasfaren fått plass i stadnamna. Skredene, Breiskrefo­nna og Oppskredfo­nna kjem med få kilometers mellomrom.

Det får halde med å sjå desse stadane på kartet, for etter fleire hundre kilometer og fleire hundre skredsoner, er det vanskeleg å ha mage til å halde fram.

Då er det kanskje greitt å ta flyet tilbake frå Nordfjord – om du då har livet.

Heldigvis er Vestlandet dei tusen tunnelanes land.

 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? FARE FOR RAS: – Dette er vegane som folk køyrer på til arbeid, til skulen og til fritidsakt­ivitetar. Mange bur under fjellet, under rasfaren, og ein veit det, skriv Morten Myksvoll.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK FARE FOR RAS: – Dette er vegane som folk køyrer på til arbeid, til skulen og til fritidsakt­ivitetar. Mange bur under fjellet, under rasfaren, og ein veit det, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway