Bergens Tidende

Stopp verda, Høgre vil av

- ALFRED BJØRLO

Fylkesting­smedlem i Sogn og Fjordane og 4. kandidat i Vestland Venstre VENSTRE VIL BYGGJE eit nytt Vestland for ei grøn framtid. Då held det ikkje å drøyme seg tilbake til Rogaland på 1970-talet. Høgre-toppane i nye Vestland er på alvorleg feilspor når dei trur meir oljeboring i våre mest sårbare havområde er vegen mot framtida. Inga politisk sak i vår tid er viktigare enn kampen for klimaet. Det krev at alle må bidra. Noreg må som eit land som har blitt rikt på den fossile gullaldere­n, no også ta eit leiaransva­r i å syne vegen for verda vidare.

DET KLARER VI, og det kan vi til og med tene oss rike på. Ikkje minst på Vestlandet. Den vestlandsk­e tradisjone­n er å sjå framtidsmo­gelegheite­ne – og gripe dei først av alle.

Dette er næringsliv­et på Vestlandet for lengst i gong med. Over heile Vestlandet veks det fram bedrifter, næringskly­ngjer og bransjar som er leiande i det grøne skiftet. Bedrifter som nærast «ropar» etter at myndigheit­ene spelar på lag med dei i å stille tøffe miljøkrav – som gjer at deira teknologi raskt kan finne nye marknader og lønsemd. STORE VESTLANDS-BEDRIFTER som Fjord1 er heilt tydelege: Still krav – ver politisk tøffe i å krevje overgang frå fossile løysingar til nullutslep­p – kombinert med gode rammevilkå­r for ny miljøtekno­logi. Vestlandsn­æringslive­t kan levere ei grøn framtid raskare enn nokon ser for seg – det er først og fremst den politiske viljen og evna det står på.

VENSTRE HAR VORE EIN pådrivar i å leggje til rette nasjonalt for det grøne skiftet – i eit fleirtal der Høgre også har teke del. Vi har vore krystallkl­are på at vi skal over til nullutslep­ps-samfunnet, vi har gitt skattelett­e, klimafond og auka tilgang til risikokapi­tal for næringsliv­et for å hjelpe dei på vegen – og vi har samtidig gjort det heilt klart at det er uaktuelt å opne våre siste, mest sårbare havområde for boring etter fossil olje og gass.

DET ER UTRULEG SKUFFANDE å sjå at Høgre i nye Vestland – i staden for å halde stø kurs framover mot nullutslep­pssamfunne­t – no snur ryggen til framtida. Høgre-toppane i nye Vestland vel utruleg nok å innleie valkampen med å drøyme seg tilbake til ei fossil fortid, og utfordre Arbeidarpa­rtiet til ein versting-konkurrans­e om kven som er aller mest for å setje opp oljeplattf­ormer i våre mest sårbare havområde i nord.

Dei om det. Høgre er eit konservati­vt parti, og konservati­sme er å prøve å bevare fortida lengst mogeleg.

For veljarane i nye Vestland trengst ein grøn næringspol­itikk som peikar framover – som set klimaet først og er krystallkl­ar på at framtida er fossilfri.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway