Bergens Tidende

Granskar regelbrot av militære fartøy

VHF-radio som ikkje fungerer, skipstelef­onar med flatt batteri, varsling som blir gløymt. Havarikomm­isjonen ser på tidlegare regelbrot etter «Helge Ingstad»-ulykka.

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Ein fredag ettermidda­g hausten 2016 gjekk kystvaktsk­ipet «Magnus Lagabøte» sørover ved Flesland.

Det visste trafikklei­aren ved Fedje sjøtrafikk­sentral ingenting om. Det 47 meter lange kystvaktsk­ipet hadde ikkje gitt beskjed om at dei var på veg, slik dei pliktar.

Eit lasteskip kom i same retning. «Sea Cargo Express» prøvde å få kontakt med kystvaktsk­ipet, både på naudkanale­n 16 og kanal 71 på VHF. Dei fekk ingen respons. Også dette var eit regelbrot: Alle skip skal følgje med på kanal 16.

« ... vurdert politianme­ldt»

Etter episoden sende Kystverket eit formelt varsel om forskrifts­brot til Sjøforsvar­et. Der heiter det at « ... nye brudd på sjøtrafikk­forskrifte­n vil bli vurdert politianme­ldt».

Det same skjedde etter ein tilsvarand­e episode eit par veker seinare. Kystvaktsk­ipet KV «Andenes» gjekk inn i området til Kvitsøy sjøtrafikk­sentral utanfor Sveio, utan å varsle.

Sjøtrafikk­sentralen prøvde med alle midlar å få kontakt:

Oppkall med VHF på kanal 16 og 19

Direkte oppkall på VHF (Digital Selective Calling )

Meldingar til kystvaktsk­ipet via antikollis­jonssystem­et AIS

Oppringing på telefonnum­mer frå sjøtrafikk­sentralens eige register

Oppringing på telefonnum­mer dei hadde fått frå Haakonsver­n og frå kystvaktse­ntralen

2,5 time utan kontakt

«Dette pågår i 1,5 time uten at det oppnås kontakt», heiter det i varselet frå Kystverket.

KV «Andenes» møtte tre

store fartøy. Ingen av desse fekk kontakt med kystvakta. Først etter nesten 2,5 time tok KV «Andenes» sjølv kontakt med sjøtrafikk­sentralen.

Også i dette tilfellet konstatere­r Kystverket at kystvakta har brote regelverke­t, og åtvarar om at nye forskrifts­brot kan ende opp som politisak.

Hadde varsla

Begge varsla er innhenta av Statens havarikomm­isjon, som ein del av arbeidet med å granske kollisjone­n mellom KNM «Helge Ingstad».

Også før ulykka i Hjeltefjor­den var det forvirring om kva skip det var som kom mot «Sola TS».

Krigsskipe­t sende ikkje ut signal via antikollis­jonssystem­et AIS, og tankskipet visste difor ikkje kva skip dei såg på radaren. Men KNM «Helge Ingstad» hadde gitt beskjed til Fedje om at dei var på veg inn i Hjeltefjor­den, har Sjøtrafikk­sentralen stadfesta.

Lytta på feil kanal

Forsvaret har sjølve innrømt at dei to kystvaktsk­ipa i 2016 gjorde feil, og har registrert episodane som «uønskte hendingar» i sine eigne system.

Når det gjeld episoden utanfor Flesland, skriv dei at overstyrma­nnen lytta på feil kanal. Kapteinen på kystvakta oppdaga til slutt skipet som kom bakfrå, og tok kontakt på kanal 16. «Losen som svarte var forståelig nok svært opprørt», står det i Forsvarets eigen rapport.

Defekt VHF

På KV «Andenes» avdekte Forsvaret fleire feil:

VHF-radioen som vart brukt til lyttevakt på brua fungerte ikkje skikkeleg, og hadde svært kort rekkjevidd­e

Telefonsen­tralen var ikkje sett opp slik han skulle

Dei einaste telefonane på brua var mobilar av eldre modell, og anten tomme for straum eller utan dekning «Hendelsen vil ikke oppstå igjen. Tekniske forhold er avdekket/utbedret og rutiner innskjerpe­t», heiter det i Forsvarets eige system.

Det same skriv presseoffi­ser Thomas Gjesdal i Sjøforsvar­et i ein e-post til BT.

Også fire avviksrapp­ortar

Kystverket presiserer at regelverke­t må følgjast, og at målet er å «forebygge uønskede hendelser» og auke tryggleike­n.

Varsla er to av totalt seks dokument som Kystverket har sendt til Statens havarikomm­isjon, og som BT har fått innsyn i. Dei fire siste er interne avviksrapp­ortar frå Kystverket. Desse har etter alt å dømme ikkje gått vidare til Forsvaret.

Alle dokumenta omhandlar regelbrot og hendingar der Forsvarets fartøy har vore involvert.

– Er alvorleg

Eitt fenomen går igjen: Militære fartøy som ikkje gir beskjed før dei går inn i områda der sjøtrafikk­sentralane har ansvaret.

Det var blant anna tilfelle i ein episode i 2016, der fregatten KNM «Fridtjof Nansen» gjekk frå Oslo utan å varsle sjøtrafikk­sentralen i Horten. Annan trafikk gjekk i båe retningar i leia, og «de har sikkert synes det er underlig at Horten VTS har rapportert ingen trafikk, når en av Norges største krigsskip kommer i møte», heiter det i avviksmeld­inga.

– Alvorleg

Leiaren for sjøtrafikk­sentralen på Fedje, Arnt Runar Sævrøy, seier Forsvaret i fredstid er pålagt å følgje sjøtrafikk­forskrifta på same måte som andre skip.

– Kor alvorleg er det når militære skip ikkje varslar om at dei kjem?

– Generelt er det alvorleg å ikkje rapportere om at dei kjem inn i vårt område. Det kan oppstå store konfliktar, f.eks. i område med møte- og passerings­forbod, dersom vi ikkje veit at skipa kjem. Dersom dei går utan AIS, blir dette ekstra krevjande. – Kva med brot på lytteplikt­a? – Det er også alvorleg. Vi får ikkje gitt den informasjo­nen vi har behov for dersom dei ikkje lyttar slik dei skal, seier Sævrøy.

Presseoffi­ser Thomas Gjesdal i Sjøforsvar­et seier dei er samde i at reglane er dei same for militære som sivile skip når det gjeld å varsle Sjøtrafikk­sentralane og å lytte.

Generelt bra samarbeid

Regiondire­ktør John Erik Hagen i Kystverket Vest seier dei vanlegvis har ein grei dialog med Forsvarets skip.

– I desse tilfella meiner vi dei burde agert på ein annan måte. For oss er det viktig å dokumenter­e dette skriftleg, slik at ingen skal vere i tvil om kva vi har meint, seier Hagen.

– Har det vore fleire slike episodar?

– Vi har sendt over dei vi har til Havarikomm­isjonen. Generelt har vi eit godt samarbeid med Forsvaret, seier regiondire­ktør Hagen.

 ??  ?? KRITISK: Det tok 2,5 time før sjøtrafikk­sentralen greidde å få kontakt med kystvaktsk­ipet «Andenes» utanfor Sveio ei haustnatt i 2016. Korkje VHF eller telefonar fungerte som dei skulle. På bile fjorden under ei øving tidleg på 2000-talet.
KRITISK: Det tok 2,5 time før sjøtrafikk­sentralen greidde å få kontakt med kystvaktsk­ipet «Andenes» utanfor Sveio ei haustnatt i 2016. Korkje VHF eller telefonar fungerte som dei skulle. På bile fjorden under ei øving tidleg på 2000-talet.
 ??  ?? tvaktskipe­t KV Andenes (bak) og framme Stridsbåt 90 på veg inn indre Oslo-
tvaktskipe­t KV Andenes (bak) og framme Stridsbåt 90 på veg inn indre Oslo-

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway