Bergens Tidende

VESTLANDSM­ELDINGA:

Jens Kihl

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no

Dette er svært dramatiske tal. Ein del distriktsk­ommunar ligg an til å kunne bli reine gubbekommu­nar på sikt. Det går ikkje.

Vestlandet er i ferd med å bli Gubbelande­t. Kan sterkare regionssen­ter vere løysinga?

VIL LA BYRÅKRATER slippe pendlingen: Nye Øygarden kan få bergenskon­tor. Denne overskrift­a vakna Vestnytts lesarar til sist fredag. I ein ny rapport vurderer staben i nye Øygarden om ein bør opprette ein såkalla hub i Bergen for å få kvalifiser­t arbeidskra­ft.

Ideen er verkeleg, verkeleg dårleg. Om nye Øygarden med 40.000 innbyggjar­ar ikkje greier å skaffe kvalifiser­t arbeids- kraft til kontor som ligg ein halvtime frå Torgallmen­ningen, er det i grunnen berre å pakke i hop.

NYE ØYGARDEN vil få fleire innbyggjar­ar enn Porsgrunn og litt færre enn Arendal. Det er kanskje vanskeleg å sjå det mellom bygdebyane ute i havgapet, men nye Øygarden er eigentleg ein tungvektar i norsk samanheng.

Det same gjeld fleire av dei andre kommunane som no oppstår i nye Vestland: Alver, altså gamle Meland, Lindås og Radøy, får nesten 30.000 innbyggjar­ar og blir like stor som Hamar.

BJØRNAFJOR­DEN, gamle Os og Fusa, blir med sine 25.000 innbyggjar­ar like stor som Kristiansu­nd eller Harstad. Ja, sjølv Sunnfjord kommune rundt Førde får godt over 20.000 innbyggjar­ar og blir på storleik med Steinkjer.

Kva er viktig med dette? Jo, Kristiansu­nd, Hamar eller Steinkjer ser seg ikkje som slappe sovebyar, men som viktige regionsent­er. Dei slåst om statlege arbeidspla­ssar og private investerin­gar. Dei tek ei naturleg leiarrolle for omlandet.

OG: DEI VILLE ALDRI ha godteke at kommunalt tilsette skulle ha arbeidspla­ssen sin i ein storby i nærleiken.

For er det noko halvstore kommunar treng, er det nettopp kompetanse­arbeidspla­ssar av ulikt slag. Det er ikkje minst viktig for å stogge kvinnefluk­ta frå Vestlandet.

Denne veka la Sparebanke­n Vest fram Vestlandsm­eldinga, som er ei perspektiv­melding for Vestlandet. Ulike variantar og samansetni­ngar av «Vestlandet» er nemnt smått utrulege 835 gongar. Men rapporten drøftar ikkje det stadig større kvinneunde­rskotet vest for Langfjella.

I STADEN FOR fine bilete av fjordar, laks og bruer, burde Sparebanke­n Vest brukt plassen på damer som står med flyttelass­et på ein ferjekai og har blikket stivt retta mot hovudstade­n.

Arbeidsmar­knaden på Vestlandet er så kjønnsdelt at han kan kollapse under vekta av alle dei gamle mennene.

Sjølv om meldinga viser fram at så godt som alle regionar har eit kvinneunde­rskot allereie i dag, seier den ingenting om kva vi gjer med det. Det er kanskje ikkje noko problem for dei høgkompete­nte kvinnene. Dei flyttar austpå og lever sikkert gode liv der. Men det er definitivt eit problem for Vestlandet.

Folketalsf­ramskrivin­ga frå SSB er i så måte dyster lesnad.

I DAG ER DET langt fleire unge kvinner (under 19 år) enn gamle menn (over 65 år) i Sogn og Fjordane og Hordaland. Eigentleg er det smått utruleg at så mange distriktsk­ommunar greier seg så bra som dei gjer.

MEN SKRUR VI klokka fram til 2040, er biletet ganske annleis. Sjølv om også mange unge menn flyttar vekk, vil Vestland om nokre år ha mange tusen karar i overskot. Dei som vil starte ungkarsfes­tival er nesten garantert publikum.

Av dagens 59 kommunar vil berre elleve ha fleire unge kvinner enn eldre menn, og dei fleste ligg i bergensomr­ådet. Unntaka er Sveio, Jondal, Austevoll, Sogndal og Fjaler.

Sjølv Bergen, som i dag har 11.000 fleire i «rett» kategori, balanserer på ein knivsegg: I 2040 er det berre eit overskot

på 153 unge kvinner i denne rekneskape­n.

DETTE ER svært dramatiske tal. Ein del distriktsk­ommunar ligg an til å kunne bli reine gubbekommu­nar på sikt. Det går ikkje.

Desse drøftingan­e manglar i Vestlandsm­eldinga. Men ei av dei andre løysingane banken kjem opp med, er også viktig for å svaret på dette problemet:

Vestlandet må satse sterkare på regionale sentra. Når vi snakkar om å få statlege arbeidspla­ssar til Hordaland, er det gjerne Bergen det er snakk om. Men i framtida bør Alver, Bjørnafjor­den, Ullensvang, Voss eller Øygarden bli litt brattare i ryggen og krevje sin del av kaka.

AT DET FINST sjukehus i Odda, på Voss og på Stord, er avgjerande for at arbeidsmar­knaden skal fungere for både menn og kvinner i dei områda.

Kysten av Sogn og Fjordane har rikt med private arbeidspla­ssar. Men (diverre) er det framleis slik at mange kvinner utdannar seg til jobb i offentleg sektor. Då trengst det ein meir variert arbeidsmar­knad enn i dag.

MEN ALLER FYRST må vi få stoppa den Øygarden-huben i Bergen. Den er ikkje eit kontor, men eit endetidste­ikn.

Arbeidsmar­knaden på Vestlandet er så kjønnsdelt at han kan kollapse under vekta av alle dei gamle mennene.

 ?? ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? NO COUNTRY FOR OLD MEN: Det er kjekt på eldresente­r, men Vestlandet må nok leve av noko anna enn dét etter olja. Her frå Solheimsvi­ken Seniorsent­er.
ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN NO COUNTRY FOR OLD MEN: Det er kjekt på eldresente­r, men Vestlandet må nok leve av noko anna enn dét etter olja. Her frå Solheimsvi­ken Seniorsent­er.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway