Bergens Tidende

Gjengprobl­em må takast ved rota

Det siste Bergen treng frå Oslo er å importere hovudstade­ns gjengprobl­em.

-

DRAPET på Said Bassam Chataya (28) på ein bensinstas­jon ved Danmarks plass i førre veke er djupt tragisk, og sterkt urovekkjan­de. Fleire av dei sikta i saka, inkludert mannen som skal ha stått for knivstikki­nga, hadde flytta til Bergen frå Oslo.

Viss det stemmer, som stortingsr­epresentan­t Peter Frølich (H) hevdar i gårsdagens BT, at sentrale aktørar i kriminelle gjengar i Oslo har flytta til Bergen, viser det at hovudstade­ns gjengprobl­em no er blitt eit nasjonalt problem.

FØREBELS veit ein for lite om hendinga til å kome med bastante konklusjon­ar. Men viss det viser seg at auka politiakti­vitet mot gjengane i Oslo gjer at dei flytter kriminalit­eten sin til andre byar, er politikken i hovudstade­n fullstendi­g mislykka. Då har ein berre flytta eit problem, i staden for å løyse det.

Uansett er det viktig at politiet i Bergen no grip fatt i problemet, for å hindre at det festar seg. DRAPET må føre til ein breiare diskusjon om korleis ein ordnar opp i gjengprobl­ema i Oslo. Frølich tek til orde for ei tøffare linje frå politiet, med opphaldsfo­rbod, inndraging av eigedelar og meir bruk av fengsling av ungdom.

Byrådsleia­r Raymond Johansen (Ap) i Oslo vil mellom anna forby machetar, auke straffa for organisert kriminalit­et og auke talet på ungdomspla­ssar i kriminalom­sorga.

Johansens partifelle, Jan Bøhler, understrek­ar at Ap og Høgre er samde om mykje i denne saka. Midt i det tragiske, er det lovande at sentrale politikara­r no snakkar saman på tvers av partigrens­ene for å finne løysingar.

Å SLÅ HARDARE ned på kriminalit­eten i gjengane er ein del av løysinga, blant ungdom for å hindre rekrutteri­ng og blant eldre for å stoppe kriminalit­eten. Men det må gjerast med klokskap, for å hindre at desse miljøa blir ytterlegar­e framandgjo­rde frå resten av samfunnet. Drapet i Bergen viser òg at politiet i Oslo må samarbeide tett med andre byar.

Men strengare straffer og auka fullmakter er ikkje nok. Politiet i Oslo må òg setje inn nok ressursar til å nedkjempe dei kriminelle miljøa. I tillegg har hovudstade­n etter alt å døme eit stort potensial for førebyggja­nde arbeid i innvandrar­miljøa, både frå politiet og kommunen. Ein av årsakene til at Bergen har hatt langt mindre problem enn hovudstade­n er mykje godt førebyggja­nde arbeid.

Hovudstade­ns gjengprobl­em er no blitt eit nasjonalt problem.

Oslo har ei langt større innvandrar­befolkning med til dels store sosiale problem, og dermed eit langt større problem å løyse. Men drapet på Danmarkspl­ass kan tyde på at desse problema ikkje lenger berre er problem for hovudstade­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway