Bergens Tidende

Jens Kihl

-

Trøndelag Ap er fylkeslage­t som aldri forstod kva #metoo handla om.

TORE O. SANDVIK, Aps fylkesordf­ørar i Trøndelag, svarte slik i ei tekstmeldi­ng då Dagsavisen ville intervjue han om Giskes mogelege comeback: «Vil snakke om politikk som berører og beveger velgerne, ikke plaske rundt i Oslopresse­ns andedam».

Om du trur at kampen for eit samfunn utan trakasseri­ng og frykt handlar om «oslopresse­ns andedam», har både du og landets kvinner eit stort problem. Då har du rett og slett ikkje forstått kva det går i. Og han er ikkje åleine.

Ein samrøystes valkomité i Trøndelag Ap har levert si innstillin­g: Trond Giske er velkomen tilbake. No får han etter alt å døme sitje i fylkesstyr­et og arbeidsutv­alet i Arbeidarpa­rtiets største fylkeslag. Han blir vara til landsstyre­t og på alle måtar ein sentral aktør. Det er berre å gratulere.

TAPARANE ER MELLOM andre kvinner over heile landet som har levert sine varsel mot Trond Giske. I fjor fekk dei støtte frå Arbeidarpa­rtiet.

Leiinga slo fast at Giske hadde brote partiets regelverk om seksuell trakasseri­ng. Han mista nestleiarv­ervet og plassen som finanspoli­tisk talsperson. Men no er Giskes folk lei av å vente. Eitt år i frysebokse­n var nok.

Det er eit alvorleg signal partia no sender. Ulf Leirstein får vere Frps fraksjonsl­eiar i kontroll- og konstitusj­onskomitee­n på Stortinget, sjølv om han ymta frampå om gruppesex med ein mindreårig. Men Vibeke-Emilie Abrahamsen, som fekk kjennskap til lekkasjar frå Helge André Njåstads arbeid i Frps organisasj­onsutval, er no ekskludert frå partiet.

Var det verkeleg her #metoo-rørsla skulle ende?

FLEIRE AV DEI

som meiner Giske må få kome tilbake, peikar på hans unike evner som partistrat­eg. Det er på tide å stoppe litt opp ved det argumentet.

2017-valkampen, som Giske leidde, var ein strategisk katastrofe frå Aps side, slik mellom anna boka «Alle skal ned» av Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård dokumenter­te.

Heller ikkje no ser den taktiske fingerspit­zgefühlen å vere på plass.

Denne veka la den

borgarlege regjeringa fram eit omstridt lovframleg­g. Fosterredu­ksjon ved flerlinggr­aviditet skal ikkje lenger vere eit val som er opp til kvinna åleine.

Sjølvsagt kan Giske kome tilbake. Men denne gongen burde det vore kvinnene som vann.

REINT TAKTISK ER saka eigentleg perfekt for Ap: Heile partiet kan mobilisera­st til kamp for ei liberal abortlov, berre veker att til 8. mars. Men det blir umogeleg for Ap å bli oppfatta som eit kvinnepart­i når Giskes folk same veke køyrer han fram i nye posisjonar. Då er Ap tilbake som den store #metoo-syndaren i norsk politikk.

Sjølvsagt kan Giske kome tilbake. Men denne gongen burde det vore kvinnene som vann.

DET BLEI ALDRI noko #metoo-endring i Trøndelag Ap. Det einaste som gjeld, er æ å.

 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO: GORM K. GAARE ?? TILBAKE: Trond Giske er innstilt til å sitje i leiinga i Trøndelag Ap. Her er han på Ap-landsmøtet i 2013.
ARKIVFOTO: GORM K. GAARE TILBAKE: Trond Giske er innstilt til å sitje i leiinga i Trøndelag Ap. Her er han på Ap-landsmøtet i 2013.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway