Bergens Tidende

Pengane må gå til rassikring, ikkje Hordfast

- MARTHE HAMMER

«PÅ VEGEN BETYR Vestland fylke «fare for ras», skriv BT 19. februar. Og vidare: «Her sto Linn (20) med sørpe til livet etter å ha krasjet I raset – jeg må ha besvimt et øyeblikk», og ikke minst «Dette er stedene som trenger skredsikri­ng».

Det er overskrift­er som ikkje er til å ta feil av, same dag som Nasjonal rassikring­skonferans­e vert arrangert her i Bergen. Same dag står eit debattinnl­egg signert landets NHO- og LO-sjef med overskrift­a: «LO- og NHO-sjefane er enige: Vestlandet trenger Hordfast». KLIMAFORSK­ARANE GIR klar beskjed. Framtida blir mildare og våtare. Framtidspr­ognosen er meir skred og ras. Det vert ikkje folk trygge av. I nye Vestland er behovet for midlar til rassikring og gul midtstripe utømmeleg. Men er det framleis nokon som lurer på kor alle midlane til rassikring vert av?

Denne dagens BT seier alt. NHO, LO-sjefane og det store fleirtalet av politikara­r i heile det nye Vestland og Rogaland prioritere­r konsekvent gigantiske fjordkryss­ingsprosje­kt med firefelts motorveg framfor rassikker og trygg veg. Denne alliansen har fått lagt premissane altfor lenge, med utrygge vegar i distriktet som resultat.

NO MÅ FLEIRE INNSJÅ at dei som stadig ropar om motorvegar inn til dei store byane og ferjefri E39, må verte erstatta av ein ny og forsterka allianse mellom Distriktsn­oreg og den nye miljørørsl­a i byane. Denne alliansen må ha til felles at dei evnar å prioritere vegmidlane der dei trengst som mest, og seie nei til store vegprosjek­t.

DET BÅDE UROAR og overraskar meg at NHO- og LO-sjefane framleis fokuserer så eintydig på dette prosjekta, når realitetan­e på vegane i distriktet ikkje berre er til å «bli gal av», eller få «sørpe til livet» av, men utgjør ein kontinuerl­eg fare for liv og helse.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway