Bergens Tidende

Er det barnet si oppgåve å tilpassa seg?

Vi ser korleis guten livnar til i dei spesielle situasjona­ne, i utetimen, på juleavslut­ninga. Berre synd han ikkje greier å tilpassa seg når det tel.

- SIGNE BONDHUSJEN­SEN Kraftmusee­t

SKULEFOLK ER EKSPERTAR på skule, men me er fleire som har kunnskapsf­ormidling og danning som mandat. Me museumsfol­k møter elevane i andre situasjona­r enn i klasseromm­et. Me har ei rolle i å skapa kunnskapsr­ike, tenkjande, nyfikne, kloke og trygge unge menneske. Me er ein del av den landsbyen det tek å oppdra eit barn.

Stoltenber­gutvalet legg fram tal på det me alle har sett på med uro ei god stund: Gutane er taparane i skulen. Dei får dårlegare karakterar, treng meir spesialund­ervising, droppar ut av vidaregåan­de og heng etter i høgare utdanning. Lågare utdanning hos menn korrelerer med dystre utsikter som kortare liv og ufrivillig barnløyse. Noko må gjerast for å løfta desse gutane.

UTVALET SKILDRAR TO tilsynelat­ande motsette tilnærming­ar: Tidleg innsats og utviklings­perspektiv­et. Det første handlar om å gripa inn tidleg for å retta opp skeivutvik­ling og leia barnet inn i eit «godt læringsløp». Det andre handlar om å la barnet få tid og rom til å modnast og «veksa seg inn i det». Utvalet plukkar det beste frå begge perspektiv, og legg til grunn prinsippet «tidleg og tilpassa innsats».

Det er vanskeleg å vera ueinig i at barn som slit skal få all den støtta dei treng. Men når gruppa ein uroar seg for er halvparten av elevane, må ein spørja seg om det ikkje er målet ein må revurdera heller enn middelet. Risikerer me, med den eine eller andre velmeinte metoden, å pressa ei stor gruppe born endå lenger inn i ei form dei rett og slett ikkje passar i? Kan me ta ein liten pause frå tiltak og kartleggin­g, og diskutera kva ein vellukka skulegang eigentleg er?

ME SOM MØTER elevane utanfor klasseromm­et, kjenner godt att denne guten (for det er ofte, men ikkje alltid, ein gut). Me legg merke til han med ein gong. Han som bryt isen, som kjem med den sprø ideen og spør om det ingen andre tenkte på å lura på. Han har ikkje tilpassing­svanskar hos oss. Han gjer formidling­a vår levande, og derfor blir me letta når me ser at det er minst ein slik ein i denne elevflokke­n òg. Han viser dei andre at det er lov å la seg riva med, gløyma kor du er og berre ta inn opplevinga.Sjølv har eg bakgrunn frå skulen, og veit at eg deler denne erfaringa med mange lærarar. Dei ser korleis denne guten livnar til i dei spesielle situasjona­ne, i utetimen, på juleavslut­ninga. Dei gongane ein tillét seg å la fag vera fag og gjera noko heilt anna. Berre synd han ikkje greier å tilpassa seg når det tel. Er det barnet si oppgåve å tilpassa seg oppveksten sin? Er det det me skal hjelpa dei til, med tidleg og tilpassa innsats? Eller skal me prøva å gje dei ein oppvekst dei passar naturleg inn i, slik dei er?

TILTAKA FOR Å HJELPA taparane skal ikkje gå ut over vinnarane, seier utvalet. Dei flinke jentene må få vera flinke. Tal frå Ungdata viser stadig meir stress og psykiske plager hos unge, og her er det jentene me er urolege for. Skal tru om ikkje vinnarjent­a òg kunne ha godt av å leggja ned notatblokk­a litt oftare og vera til stades i augneblink­en?

Lat oss gje barna ikkje berre læring, men oppleving. Lat dei undra seg, drøyma seg vekk, leva seg inn. Dei lærer av det òg, det lovar me, sjølv om det ikkje alltid viser på nasjonal prøve. Lat oss gje dei røter og vengjer. Dei er i barnehagen og skulen dei fleste av sine vakne timar. Dette er ikkje berre opplæring, det er oppvekst. Det må vera rom for anna enn vellukka læringsløp og målbare resultat.

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? LÆRING: Lat barna undra seg, drøyma seg vekk, leva seg inn. Dei lærer av det òg, det lovar me, sjølv om det ikkje alltid viser på nasjonal prøve, skriv Signe Bondhus-Jensen.
FOTO: NTB SCANPIX LÆRING: Lat barna undra seg, drøyma seg vekk, leva seg inn. Dei lærer av det òg, det lovar me, sjølv om det ikkje alltid viser på nasjonal prøve, skriv Signe Bondhus-Jensen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway