Bergens Tidende

PROBLEMET: Bom pengemotst­and a rane er ikkje først og fremst mot bompengane. Dei er mest mot noko av det pengane går til: Bybanen.

- Morten Myksvoll Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

Bergen har to bompengepa­rti, men ingen av dei vil faktisk kutte bompengane noko særleg.

DET GÅR AN å kombinere bompe ngemotstan­d med å byggje ut Bybanen og anna nødvendig infrastruk­tur. Men då må skattevilj­en vere der. Bergen kommune kan i teorien ta inn éin milliard meir i eigedomssk­att kvart år. Det er ei dobling av dagens nivå.

Dette er sjølvsagt heilt urealistis­k – om lag like realistisk som å fjerne bomstasjon­ane.

Men dersom ein først og fremst er oppteken av å kutte bompengane, finst det altså mogeleghei­ter der ute.

SKATTEVILJ­EN ER IKKJE DER for verken Folkeaksjo­nenen nei til mer bompenger (FNB) eller Frams tegspartie­t. Begge vil kutte i bompengane og begge vil kutte eigedomssk­atten. Då blir det mindre veg og bane i Bergen.

Ein utbyggings­topp er òg den einaste løysinga deira på dei høge bompengane.

Den løysinga er ikkje god nok. Bergen har allereie ei stor bompengegj­eld, og den blir ein ikkje kvitt av å slutte å byggje.

Det einaste som får ned gjelda er at nokon betaler – anten i bomringen eller på anna vis.

SER EIN VEKK FRÅ dei programfes­ta ropa på fleire statlege kroner, er Venstre det einaste partiet som opnar for ein politikk som faktisk kan føre til mindre bompengar og meir bybane.

Programkom­iteen til Bergen Venstre vil nemleg bruke kommunens pengar til å investere i Bybanen. Akkurat som ein gjer når kommunen byggjer skular, barnehagar eller sjukeheima­r.

I dag er bompengane heilt separerte frå kommunekas­sen, trass i at mange trur at bompengane eksisterer fordi kommunen har dårleg råd.

Ei skattefina­nsiert utbygging vil gjere at bilistane ikkje lenger er dei einaste som betaler for utviklinga av byen. Ein slik politikk ville ført til at kvar einaste bergensar deltar i finansieri­nga, og storleiken på bidraget ville vere avhengig av bustadverd­ien.

POLITIKARA­NE TRENG IKKJE maksimere skatteinnt­ektene sine for å utgjere ein forskjell for bilistane – dersom dei vil bompengane til livs.

Eit ekte bompengepa­rti ville nemleg brukt kommunale pengar på å redusere bom pengebelas­tninga forbilist ane.

Ifølgje Statens vegvesen, vil det å sprøyte inn 100 millionar kommunekro­ner årleg bety ei takstnedga­ng på to kroner utanfor rushtida – fem kroner i rushtida.

Det ville bilist ane likt, men bompenge motstand a rane nektar.

Dei ekstra pengane kunne eventuelt bli brukt til å finansiere låneopptak, og dermed kutte bompengane endå meir. Heller ikkje det er aktuelt for partia som seier dei er mot bompengar.

PROBLEMET er at bompenge motstandar­ane ikkje først og fremst er mot bompengane. Dei er mest mot noko av det pengane går til: Bybanen.

Det er langt enklare å angripe innkrevjin­g smetoden enn det svært populære reisetilbo­det som titusenvis av veljarar bruker kvar einaste dag.

Måndag kom nye passasjert­al for Bybanen: 14,9 millionar reiser er ein auke på cirka 40 prosent på to år. Kvar femte kollektivp­assasjer i Hordaland tar Bybanen. Samtidig har busstrafik­ken auka. Det er heilt vilt. Bybanepass­asjer nummer 100.000.000 kjem til å reise i løpet av året.

PROTESTPAR­TI kan fungere, men då må dei fokusere på det dei verkeleg vil. I 2011 kom Byluftlist­en inn i bystyret. Det var eit reint protestpar­ti, men med motsett forteikn som bompengeli­sta.

Dei ville redusere luftforur eininga i Bergen, og alt dei sa og alt dei gjorde, handla om det. Resultatet var at deira eine folkevalde representa­nt utgjorde stor forskjell. Ap og Høgre vart mykje meir miljøvenle­ge i løpet av denne eine perioden, og deler av æra skal byluftsp rotestane ha.

Protestpar­ti kan fungere, men då må dei fokusere på det dei verkeleg vil.

ÅRETS PROTESTPAR­TI prøver å gi inntrykk av at dei er eit heilt ordinært parti, med eit breitt spekter av saker.

– Berre eitt av 14 punkt i programmet handlar om bompengar, sa toppkandid­aten Trym Aafløy i ein BA-debatt denne veka.

Dei vil ha byarena i sentrum, mobilforbo­d på skulane og kulturhus i Fyllingsda­len. Dei vil styrkje Fisketorge­t som handelspla­ss og vedlikehal­de kyrkjene i kommunen.

«Folkeaksjo­nen nei til mer bompenger i Bergen» gjer alt dei kan for å late som om dei handlar om noko meir enn berre bompeng emotstand.

Kanskje svaret på kvifor er at dei – i motsetnad til Byluftlist­en – ikkje har realistisk­e løysingar på det dei protestere­r mot. Dei er berre mot.

 ?? ARKIVFOTO: NIMA TAHERI ?? VIL KUTTE LITT: Dersom ein vil kutte bompengane kraftig, må politikara­ne vere villig til å bruke meir pengar. – Det ville bilistane likt, men bompengemo­tstandaran­e nektar, skriv Morten Myksvoll.
ARKIVFOTO: NIMA TAHERI VIL KUTTE LITT: Dersom ein vil kutte bompengane kraftig, må politikara­ne vere villig til å bruke meir pengar. – Det ville bilistane likt, men bompengemo­tstandaran­e nektar, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway